1. Mosebok 21
21
Isak vert fødd
1Herren tok seg av Sara som han hadde sagt, og gjorde med henne det han hadde lova. #17,19+ 2Sara vart med barn og fekk ein son med Abraham på hans gamle dagar, på den tid Gud hadde nemnt for han. 3Abraham kalla son sin, som han hadde fått med Sara, Isak. #21,3 Isak Namnet heng saman med det hebr. ordet for å le. Sml. 17,17; 18,12; 21,6. 4Og han omskar Isak då han var åtte dagar, som Gud hadde sagt han føre. #17,10ff 5Abraham var hundre år gamal då han fekk sonen Isak.
6Då sa Sara: «Gud har laga det så at eg må le. Og alle som høyrer dette, kjem til å le åt meg.» #17,17+ 7Og ho heldt fram: «Kven skulle ha sagt til Abraham: Sara skal gje småborn bryst! Og så har eg fått ein son på hans gamle dagar.»
Hagar og Ismael
8Isak voks opp, og mora vande han av. Abraham heldt eit stort gjestebod den dagen guten vart avvand. 9Sara såg at sonen som Hagar frå Egypt hadde fått med Abraham, dreiv gjøn med Isak. #Gal 4,29f 10Då sa ho til Abraham: «Du skal jaga den trælkvinna der og son hennar! For son til trælkvinna skal ikkje arva saman med son min, med Isak.» 11Dette gjorde Abraham svært vondt for sonen skuld. 12Men Gud sa til Abraham: «Ta deg ikkje nær av det som har hendt med guten og trælkvinna! Lyd Sara i alt det ho seier deg! For gjennom Isak skal du få ei ætt som kallast di. #Rom 9,7; Hebr 11,18 13Men sonen til trælkvinna vil eg òg gjera til eit folk, fordi han er din son.»#16,10+
14Morgonen etter tok Abraham brød og ei hit med vatn og gav det til Hagar. Han sette guten på ryggen hennar, og så sende han henne bort. Ho gav seg i veg, men villa seg bort i øydemarka ved Be'er-Sjeba. 15Då vatnet traut i hita, kasta ho barnet inn under ein busk. 16Og sjølv gjekk ho og sette seg om lag eit bogeskot lenger borte. For ho tenkte: «Eg kan ikkje sjå på at guten døyr.» Medan ho sat der, tok guten til å gråta. 17Gud høyrde at han gret. Då ropa Guds engel frå himmelen til Hagar og sa: «Kva er i vegen med deg, Hagar? Ver ikkje redd! For Gud har høyrt guten gråta der han ligg. 18Reis deg, ta han opp og hald han fast i handa! For eg vil gjera han til eit stort folk.» 19Så opna Gud augo hennar, og ho fekk sjå ein brunn. Ho gjekk og fylte hita med vatn og lét guten drikka. 20Og Gud var med guten. Han voks opp i øydemarka og vart bogeskyttar. 21Han budde i Paran-øydemarka, og mor hans fann ei kone til han frå Egypt.#21,21 Paran-øydemarka øydemarkstrok nord for Sinai-fjellet, opp mot Negev, med oasen Kadesj. Sml. 4 Mos 13,3.26.
Abraham gjer pakt med Abimelek
22På den tid hende det at Abimelek og Pikol, hærføraren hans, sa til Abraham: «Gud er med deg i alt det du gjer. #26,26ff 23Sver no ved Gud at du ikkje vil fara med svik mot meg eller mot borna og etterkomarane mine! Liksom eg har gjort vel imot deg, skal du gjera vel imot meg og det landet du har fått tilhald i.» 24Abraham svara: «Ja, det skal eg sverja på.»
25Abraham kravde Abimelek til rekneskap for ein brunn som trælane åt Abimelek hadde rana til seg. 26Men Abimelek sa: «Eg veit ikkje kven som har gjort dette. Du har ikkje sagt meg det, og eg har ikkje høyrt om det før i dag.» 27Då tok Abraham småfe og storfe og gav Abimelek, og dei gjorde ei pakt med einannan. 28Men Abraham sette sju av lamma for seg sjølve. 29Då sa Abimelek til han: «Kvifor har du sett desse sju lamma for seg sjølve?» 30Han svara: «Desse sju lamma skal du ha av meg; det skal vera eit vitnemål om at eg har grave denne brunnen.» 31Difor kalla dei den staden Be'er-Sjeba; for der gjorde dei eiden, dei to. #21,31 der gjorde dei eiden Be'er-Sjeba kan tyda «Eidsbrunnen». 32Då dei hadde gjort pakt i Be'er-Sjeba, tok Abimelek og Pikol, hærføraren hans, ut og fór heim att til Filistarlandet. 33Abraham planta ei tamariske i Be'er-Sjeba, og der kalla han på Herren, den evige Gud. 34Og Abraham heldt lenge til i Filistarlandet.
Currently Selected:
1. Mosebok 21: NO1978NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2