1. Mosebok 15
15
Herren gjer pakt med Abram
1Ei tid etter at dette hadde hendt, kom Herrens ord til Abram i eit syn, og det lydde så: «Ver ikkje redd, Abram! Eg er ditt skjold; løna di skal verta overlag stor.» #5 Mos 33,29; Sal 3,4; 5,13; 18,3; 84,12; Jes 41,10 2Men Abram svara: «Herre, min Gud, kva vil du gje meg? Barnlaus fer eg min veg, og Elieser frå Damaskus skal arva huset mitt. 3Meg har du ikkje gjeve born,» sa Abram, «og ein træl i huset mitt kjem til å arva meg.» 4Då kom Herrens ord til Abram, og det lydde så: «Nei, han skal ikkje arva deg, men din eigen son skal verta arvingen din.» 5Så tok Herren han med seg ut og sa til han: «Sjå opp mot himmelen og tel stjernene, om du kan! Så tallaus skal ætta di verta.» #13,16+ 6Abram trudde Herren, og difor rekna Herren han for rettferdig.#Rom 4,3; Gal 3,6
7Så sa han til han: «Eg er Herren, som førte deg ut frå Ur i Kaldea og ville gje deg dette landet til eige.» 8Abram sa: «Herre, min Gud, korleis kan eg vita at eg skal få det til eige?» 9Då svara han: «Henta meg ei treårs kvige, ei treårs geit og ein treårs ver, ei turteldue og ein dueunge!» 10Abram henta alt dette til han, skar dyra midt i to og la det eine stykket av kvart dyr beint imot det andre. Men fuglane skar han ikkje sund. 11Rovfuglar slo ned på dei daude dyra, men Abram jaga dei bort.
12Då sola heldt på å glada, kom det ein tung svevn på Abram. Redsle kom over han – eit stort mørker. 13Og Gud sa til han: «Det skal du vita, at etterkomarane dine skal halda til i eit land som ikkje er deira. Dei skal træla for folket der og tola mykje vondt av det i fire hundre år. #2 Mos 12,40; Apg 7,6 14Men det folket dei må træla for, vil eg òg døma, og sidan skal dei dra ut med mykje gods. #2 Mos 3,21f; 11,2; 12,35f 15Og du skal fara i fred til fedrane dine; i ein god alderdom skal du gå i grav. 16I fjerde ættleden skal dei koma hit att; for syndeskulda åt amorittane har enno ikkje fylt sitt mål.»#5 Mos 9,4
17Då sola var gladd, og det var stummande mørkt vorte, synte det seg ein rykande omn og ein logande eld som fór fram mellom kjøtstykka. #15,17 ein rykande omn og ein logande eld teikn på at Gud er nær. Sml. 2 Mos 19,16.18. 18Den dagen gjorde Herren ei pakt med Abram og sa: «Di ætt gjev eg dette landet, frå Egyptarelva til Storelva, til Eufrat, #15,18 frå Egyptarelva til Storelva, til Eufrat Så stort var Israels rike då det var på det største. Sml. Jos 1,4; 2 Sam 8,3. #12,7+ 19landet åt kenittane, kenisittane, kadmonittane, 20hetittane, perisittane, refaittane, 21amorittane, kanaanearane, girgasjittane og jebusittane.»
Currently Selected:
1. Mosebok 15: NO1978NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2