YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 10

10
Folkeslaga på jorda
1Dette er dei ættene som har kome frå sønene til Noah, Sem, Kam og Jafet. Dei fekk søner etter storflaumen. 2Sønene til Jafet var Gomer, Magog, Madai, Javan, Tubal, Mesjek og Tiras. #1 Krøn 1,5ff; Esek 38,2 3Sønene til Gomer var Asjkenas, Rifat og Togarma. 4Sønene til Javan var Elisja, Tarsis, Kittim og Rodanim. 5Frå dei har folka på kystane breitt seg ut i landa sine, kvart med sitt språk, ætt for ætt, folkeslag for folkeslag.
6Sønene til Kam var Kusj, Misrajim, Put og Kanaan. 7Sønene til Kusj var Seba, Havila, Sabta, Rama og Sabteka. Sønene til Rama var Saba og Dedan.
8Kusj fekk sonen Nimrod. Han var den fyrste som fekk stort velde på jorda. #10,8 Nimrod vidgjeten segnkonge i Babylonia (= Sinear-landet, v. 10). Sml. Mi 5,5. 9Han vart ein veldig jeger for Herrens åsyn. Difor seier folk: «Som Nimrod, ein veldig jeger for Herrens åsyn.» 10Fyrst rådde han over Babel, Erek, Akkad og Kalne i Sinear-landet. 11Frå det landet fór han til Assur og bygde Ninive, Rehobot-Ir og Kalah 12og Resen mellom Ninive og Kalah; det er den store byen.
13Misrajim vart far til ludarane, anamarane, lehabarane, naftukarane, #10,13 Misrajim Egypt. 14patrusarane og kaslukarane, dei som filistarane har kome frå, og kaftorarane.
15Kanaan vart far til Sidon – det var den fyrste sonen hans – og til Het. 16Frå han er jebusittane òg ætta, og amorittane og girgasjittane, 17hevittane, arkittane, sinittane, 18arvadittane, semarittane og hamatittane. Sidan breidde kanaanearættene seg vidare ut. 19Landegrensa åt kanaanearane gjekk frå Sidon til Gasa, når ein tek leia bort imot Gerar, og til Lesja, når ein tek leia bort imot Sodoma, Gomorra, Adma og Sebojim. #10,19 Sodoma og Gomorra byar som låg på Jordan-sletta. Sml. 13,10.13; kap. 19. #10,19 Adma og Sebojim Sjå 14,2; 5 Mos 29,23; Hos 11,8. 20Dette var sønene til Kam, ætt for ætt og språk for språk, kvar i sitt land og sitt folkeslag.
21Sem, eldste bror til Jafet, fekk òg born. Han vart ættefar til alle Eber-sønene. 22Sønene til Sem var Elam, Assur, Arpaksjad, Lud og Aram. 23Sønene til Aram var Us, Hul, Geter og Masj. 24Arpaksjad fekk sonen Sjelah, og Sjelah fekk sonen Eber. #11,12ff 25Eber fekk to søner. Den eine heitte Peleg; for i hans dagar vart menneska spreidde ut over jorda. Og bror hans heitte Joktan. 26Joktan vart far til Almodad, Sjelef, Hasarmavet, Jerak, 27Hadoram, Usal, Dikla, 28Obal, Abimael, Saba, 29Ofir, Havila og Jobab. Alle desse var sønene til Joktan. 30Dei hadde bustadene sine frå Mesja bort imot Sefar, i fjella mot aust.
31Dette var sønene til Sem, ætt for ætt og språk for språk, kvar i sitt land og sitt folkeslag. 32Og dette er dei ættene som har kome frå Noah-sønene, nemnde etter sine ættleder og folkeslag. Frå dei har folkeslaga breitt seg ut på jorda etter storflaumen.

Currently Selected:

1. Mosebok 10: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in