YouVersion Logo
Search Icon

Forkynnaren 9

9
Alle får same lagnaden
1Ja, alt dette la eg meg på hjarta,
ville prøva om rettferdige og vise
og det dei gjer, er i Guds hand. #5 Mos 33,3
Inkje menneske kan vita noko
om det som ligg framføre,
om det er kjærleik eller hat.
2Same lagnaden får dei alle,
både rettferdige og vonde,
den gode og reine og den som er urein,
den som ofrar, og den som ikkje ofrar.
Sameleis går det den gode og syndaren,
sameleis den som sver,
og den som er redd for å sverja. #7,15+
3Det er det vonde med alt som hender under sola,
at alle får same lagnaden.
Så lenge menneska lever,
er hjarta deira fullt av vondskap og vitløyse.
Og sidan må dei fara til dei døde.
4Det er von for den som høyrer til
mellom alle dei levande.
Betre å vera ein levande hund
enn ei daud løve.
5Dei levande veit at dei skal døy,
men dei døde veit ingen ting.
Dei får ikkje lenger løn,
for minnet om dei er gløymt.
6Deira kjærleik og hat og misunning
er ende for lenge sidan.
Aldri i æve skal dei få del
i alt det som hender under sola.
7Så gå og et ditt brød med glede,
og drikk din vin med godt mot!
Gud har då for lenge sidan
samtykt i det du gjer. #2,24+
8Lat kleda dine støtt vera kvite,
og lat det aldri vanta olje på hovudet! #9,8 kleda dine … kvite teikn på glede.
9Nyt livet med den kvinna du elskar,
alle dagar i ditt fåfengde liv
som Gud har gjeve deg under sola.
For det er din lut i livet
midt i alt det strev og slit
som du har under sola. #Ordt 5,18
10Alt det du kan gjera med di hand,
skal du gjera etter beste evne.
For i dødsriket, som du går til,
er det korkje arbeid eller plan,
korkje kunnskap eller visdom.
11Elles såg eg under sola:
Det er ikkje dei lettføtte som vinn laupet,
og ikkje dei djerve som sigrar i krig;
dei vise får heller ikkje brød,
dei vituge vert ikkje rike,
og dei som kan noko, finn ikkje velvilje.
Tid og lagnad møter dei alle.
12For mennesket kjenner ikkje si tid.
Liksom fisk som er fanga i det vonde garnet,
eller fugl som har gått i snara,
såleis vert menneska fanga i ei vond tid,
når ulukka brått kjem over dei.
Folk vanvørder fattigmanns visdom
13Eg har òg sett korleis det går
med visdomen her under sola,
endå eg tykte han var så stor:
14Det var ein liten by,
og der budde nokre få menn.
Så kom det ein mektig konge mot han.
Han kringsette byen
og bygde store vollar mot han.
15Det fanst der i byen
ein mann som var fattig, men vis.
Han kunne berga byen med sin visdom,
men ikkje eit menneske tenkte
på denne fattige mannen.
16Då sa eg:
Visdom er betre enn styrke;
men folk vanvørder fattigmanns visdom,
og ingen høyrer på det han seier. #Ordt 21,22; 24,5; Fork 7,19
17Ord av vismenn som høyrest i ro,
er betre enn hovdings rop mellom dårar.
18Visdom er betre enn krigsvåpen,
men ein syndar kan øydeleggja mykje godt.

Currently Selected:

Forkynnaren 9: Bibel1978

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in