YouVersion Logo
Search Icon

Forkynnaren 7

7
Kva er visdom?
1Godt namn er betre enn god salve,
dødsdagen betre enn fødedagen. #Ordt 22,1; Fork 4,2
2Betre enn å gå i gjestebod
er det å gå til syrgjehus.
For der endar alle menneske,
det skal dei leggja seg på hjarta, dei som lever.
3Sorg er betre enn lått;
for om andletet er sorgfullt,
kan hjarta vera fylt av glede.
4Dei vise har hjarta sitt i syrgjehuset,
men hjarta åt dårar er i gledehuset.
5Det er betre å høyra skjenn av ein vismann
enn å lyda på song av dårar.
6Som klungerris sprakar under gryta,
så er det når dåren ler.
Det òg er fåfengd.
7Den vise som fer hardt fram,
gjer seg sjølv til narr;
den som lèt seg kjøpa,
øydelegg seg sjølv.
8Betre er enden på ein ting enn opphavet.
Tolmod er betre enn hovmod.
9Ver ikkje for snar til å harmast,
for harmen bur i barmen på dårar. #Ordt 14,29+
10Du skal ikkje seia: Kva kjem det av
at alt var betre i gamle dagar enn no?
Du spør ikkje så om du er klok.
11Visdom er jamgod med arv,
ei vinning for dei som ser dagsens ljos.
12Å vera i skuggen av visdomen
er som å ha pengar til vern,
og føremonen med kunnskap
er at visdom held sin mann i live.
13Sjå på det som Gud har gjort!
Kven kan beinka det han har krøkt? #1,15
14Ver glad når dagen er god;
men er han vond, skal du koma i hug
at det er Gud som har skapt
både den eine og den andre,
så menneska ikkje skal finna ut
noko om det som kjem etter.
Klokt måtehald
15Alt dette har eg sett
i mine fåfengde dagar.
Mang ein rettferdig mann
går til grunne i si rettferd,
og mang ein gudlaus
får leva lenge i sin vondskap. #Job 21,7ff; Sal 73,3ff; Fork 8,14; 9,2; Jer 12,1f
16Ver ikkje altfor rettferdig,
og vis deg ikkje for klok!
Kvifor vil du øydeleggja deg?
17Ver ikkje altfor gudlaus,
og ver ikkje ein dåre!
Kvifor vil du døy før tida?
18Det er godt at du held fast på det eine
og heller ikkje slepper det andre.
Den som har age for Gud,
finn ein utveg or dette.
19Visdom gjer vismannen sterkare
enn ti mektige menn i byen. #Ordt 21,22; Fork 9,16f
20Det finst ikkje eit rettferdig menneske på jord,
som berre gjer godt og aldri syndar. #1 Kong 8,46; Job 14,4; Sal 14,3; Rom 3,23; 1 Joh 1,8
21Bry deg heller ikkje
om alt det folk seier,
elles kunne du få høyra
at trælen din forbannar deg.
22Du veit då med deg sjølv at mang ein gong
har du òg forbanna andre.
Kven kan finna samanheng?
23Alt dette har eg prøvt med visdom.
Eg sa: «Eg vil vinna visdom,»
men han var langt borte frå meg.
24Det som har hendt, er langt borte
og djupt, djupt nede.
Kven kan finna det? #Job 28,12ff
25Eg la vinn på å få meg kunnskap,
å granska og leita etter visdom og samanheng;
eg ville skjøna at gudløyse er dårskap,
og at dårskap er galskap. #1,17
26Då fann eg at beiskare enn døden
er kvinna som spenner sitt garn.
Hennar hjarta er som ei snare
og hendene som lekkjer.
Den Gud synest om, slepp ifrå henne,
men den som syndar, går i garnet. #Ordt 5,3f; 7,5ff
27Sjå, dette fann eg, seier Forkynnaren,
då eg la det eine til det andre
og ville finna ein samanheng.
28Eg leita støtt, men fann han ikkje.
Eitt menneske fann eg mellom tusen,
men ikkje ei kvinne mellom dei alle.
29Sjå, dette er det einaste eg har funne:
Gud skapte menneska som dei skulle vera,
men dei finn på så mangt og mykje. #1 Mos 1,27; 8,21

Currently Selected:

Forkynnaren 7: Bibel1978

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in