Apostelgjerningane 9
9
Saulus ved Damaskus
1Saulus rasa endå mot Herrens læresveinar og truga dei på livet. Han gjekk til øvstepresten #8,3; 22,4ff; 26,9ff; Gal 1,13 2og bad om brev til synagogene i Damaskus. Han ville ha fullmakt til å føra alle han fann, både menn og kvinner som høyrde «vegen» til, i lekkjer til Jerusalem. #9,2 «vegen» namn på den kristne trua. 3Men då han var på vegen og ikkje hadde langt att til Damaskus, stråla det brått eit ljos frå himmelen ikring han. 4Han fall til jorda og høyrde ei røyst som sa: «Saul, Saul, kvifor forfylgjer du meg?» 5«Kven er du, Herre?» spurde Saulus. Han svara: «Eg er Jesus, han som du forfylgjer. #1 Kor 15,8f 6Stå opp og gå inn i byen! Der skal dei seia deg kva du skal gjera.» 7Mennene som fylgde han, stod mållause; dei høyrde røysta, men såg ikkje nokon. #5 Mos 4,12 8Saulus reiste seg frå jorda; men då han opna augo, kunne han ikkje sjå. Så tok dei han i handa og leidde han inn til Damaskus. 9Og i tre dagar sat han der blind, og han korkje åt eller drakk.
10I Damaskus var det ein læresvein som heitte Ananias. Til han sa Herren i eit syn: «Ananias!» Han svara: «Her er eg, Herre.» 11Og Herren sa til han: «Gå bort i den gata som dei kallar Den beine, og i huset hans Judas skal du spørja etter ein som heiter Saulus og er frå Tarsus. For no bed han. #21,39 12Og han har hatt eit syn og sett ein mann som heiter Ananias koma og leggja hendene på han, så han kan få att synet.» #Mark 5,23+ 13Men Ananias svara: «Herre, eg har høyrt mange tala om denne mannen og om alt det vonde han har gjort mot dine heilage i Jerusalem. 14Og han er komen hit med fullmakt frå overprestane for å fengsla alle som kallar på ditt namn.» #22,16; 1 Kor 1,2; 2 Tim 2,22 15Men Herren sa til han: «Berre gå du! Han er ein reiskap som eg har valt meg ut til å bera namnet mitt fram for folkeslag og kongar og for Israels folk. #13,46f+; 26,1ff; Gal 1,15f 16Eg skal syna han kor mykje han må lida for mitt namn.» #2 Kor 11,23ff 17Så gjekk Ananias. Då han kom inn i huset, la han hendene på Saulus og sa: «Saul, bror! Herren har sendt meg, Jesus, han som viste seg for deg på vegen. Du skal få att synet og verta fylt av Den Heilage Ande.» 18Og straks fall det liksom skjel frå augo hans, og han fekk att synet. Han stod opp og vart døypt. 19Så fekk han seg mat og vart styrkt.
Han vart verande nokre dagar saman med læresveinane i Damaskus. 20Der forkynte han straks Jesus i synagogene og sa: «Han er Guds Son.» #13,33; Rom 1,3f.9 21Alle som høyrde på, vart fulle av undring og sa: «Er ikkje dette han som i Jerusalem ville rydja ut alle som kallar på dette namnet? Og kom han ikkje hit for å gripa dei og føra dei til overprestane?» 22Men Saulus fekk meir og meir kraft. Han målbatt jødane i Damaskus med dei prova han la fram på at Jesus var Messias.#2,36; 5,42; 9,22; 17,3; 18,5.28
23Då det leid av ei tid, vart jødane samde om å rydja han or vegen. 24Men Saulus fekk høyra om planen deira. Dei heldt jamvel vakt ved byportane dag og natt for å slå han i hel. #2 Kor 11,32f 25Men ei natt fekk læresveinane han ut; dei firte han ned etter muren i ei korg.
Saulus i Jerusalem
26Då han kom til Jerusalem, freista han å halda seg til læresveinane. Men alle var redde han; for dei trudde ikkje at han var nokon læresvein. #Gal 1,18f 27Då tok Barnabas han med seg til apostlane. Og han fortalde dei korleis Saulus på vegen hadde sett Herren, som hadde tala til han, og korleis han med frimod hadde forkynt Jesu namn i Damaskus. #4,36 28Sidan var han støtt i lag med dei i Jerusalem og tala frimodig i Herrens namn. 29Han tala òg med dei jødane som hadde gresk morsmål, og gav seg i ordskifte med dei. Men dei freista å få han drepen. #6,1 30Då brørne fekk vita det, tok dei han med seg til Cæsarea og sende han derifrå til Tarsus.#11,25
31No hadde kyrkjelyden fred over heile Judea og Galilea og Samaria. Han vart oppbygd og levde i age for Herren; og styrkt av Den Heilage Ande auka han meir og meir.#2,41+
Peter gjer under
32Medan Peter fór ikring alle stader, hende det at han kom ned til dei heilage i Lod. 33Der fekk han sjå ein mann som var lam og hadde lege til sengs i åtte år; han heitte Æneas. 34Peter sa til han: «Æneas, Jesus Kristus vil gjera deg frisk att. Stå opp og rei senga di!» Straks reiste han seg opp. #3,6f+ 35Og då dei som budde i Lod og Saron, fekk sjå han, vende dei alle om til Herren.
36I Jaffa budde det ein kvinneleg læresvein som heitte Tabita, på gresk Dorkas. Ho gjorde mykje godt og tok seg av dei fattige. 37Men i den tida bar det så til at ho vart sjuk og døydde. Dei vaska henne og la henne i eit rom ovanpå. 38Jaffa er ikkje langt frå Lod. Og då læresveinane fekk høyra at Peter var der, sende dei to menn til han med det bodet: «Gjer vel og kom hit til oss så fort du kan!» 39Peter gjorde seg ferdig og vart med. Då han kom fram, fylgde dei han opp på romet, der alle enkjene samla seg gråtande ikring han. Dei synte fram skjortene og kappene som Dorkas hadde sytt medan ho endå var mellom dei. 40Peter bad dei alle gå ut og la seg på kne og bad. Så snudde han seg mot den døde og sa: «Tabita, stå opp!» Ho opna augo, og då ho såg Peter, sette ho seg opp. #2 Kong 4,33 41Han rette henne handa og hjelpte henne opp. Så kalla han inn enkjene og dei andre heilage og viste henne fram for dei ljos levande. #Mark 5,41 42Dette vart kjent over heile Jaffa, og mange kom til tru på Herren. 43Peter vart buande ei tid i Jaffa, hjå ein garvar som heitte Simon.#10,6.32
Currently Selected:
Apostelgjerningane 9: NO1978NN
Highlight
Share
Copy
![None](/_next/image?url=https%3A%2F%2Fimageproxy.youversionapi.com%2F58%2Fhttps%3A%2F%2Fweb-assets.youversion.com%2Fapp-icons%2Fen.png&w=128&q=75)
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2