YouVersion Logo
Search Icon

Apostelgjerningane 7

7
1Då spurde øvstepresten: «Er det sant, dette?» 2Stefanus svara:
Brør og fedrar, høyr på meg! Herlegdomens Gud synte seg for Abraham, far vår, medan han budde i Mesopotamia, før han slo seg ned i Karan, #1 Mos 11,31 3og sa til han: Far ut or landet ditt og bort frå ætta di, til det landet som eg vil syna deg! #1 Mos 12,1 4Då reiste han frå Kaldearlandet og busette seg i Karan, og etter at far hans var død, lét Gud han flytta derifrå til dette landet som de no bur i. 5Han gav han ikkje noko jord til eige der, ikkje så mykje som ei fotbreidd; men han lova at han og ætta hans skulle få landet til odel og eige, endå han ikkje hadde born. #1 Mos 12,7; 15,2 6Og Gud sa til han at ætta hans skulle halda til i eit framandt land, der dei skulle træla for folket og lida vondt i fire hundre år. #1 Mos 15,13f 7Men det folket dei skal træla for, vil eg døma, sa Gud, og så skal dei dra ut og halda gudsteneste på denne staden. #2 Mos 3,12 8Og Gud gav han omskjeringspakta. Så fekk han sonen Isak og omskar han den åttande dagen. Og Isak fekk sonen Jakob, og Jakob vart far til dei tolv ættefedrane.#1 Mos 17,10ff
9Fedrane vart avundsjuke på Josef og selde han til Egypt. Men Gud var med han #1 Mos 37,11.28 10og berga han gjennom alle vanskar. Han lét han vinna godvilje og gjetord for visdom hjå farao, egyptarkongen; og kongen sette han til å styra Egypt og heile sitt hus. #1 Mos 41,37ff 11Så vart det uår i heile Egypt og Kanaan, og nauda var stor. Fedrane våre fekk ikkje tak i mat. #1 Mos 41,54 12Men Jakob høyrde at det var korn i Egypt, og han sende fedrane våre dit fyrste gongen. #1 Mos 42,1ff 13Andre gongen dei kom, gav Josef seg til kjenne for brørne sine, og farao fekk vita om ætta hans. #1 Mos 45,4 14Då sende Josef bod etter Jakob, far sin, og alt folket sitt, syttifem menneske. 15Så reiste Jakob ned til Egypt, og der døydde både han og fedrane våre. #1 Mos 46,1ff; 49,33 16Dei vart førte til Sikem og lagde i den grava som Abraham hadde kjøpt av Hamor-sønene i Sikem og betalt med sølv.#Jos 24,32
17Det leid no fram mot den tida då Gud skulle setja i verk det han hadde lova Abraham, og folket hadde vakse og vorte talrikt i Egypt. 18Då kom det ein ny konge i Egypt, ein som ikkje visste noko om Josef. #2 Mos 1,8 19Han fór med list mot folket vårt, var hard med fedrane våre og tvinga dei til å setja ut spedborna sine, så dei ikkje skulle få leva opp. #2 Mos 1,22 20På den tid vart Moses fødd. Han var eit vent barn som Gud hadde hugnad i. I tre månader vart han fostra heime hjå far sin. #2 Mos 2,2 21Så vart han utsett. Men dotter til farao fann han og fostra han opp som sin eigen son. #2 Mos 2,3ff 22Såleis fekk Moses opplæring i all egyptisk visdom, og han merkte seg ut både i ord og i gjerd.
23Då han hadde fylt førti år, fekk han hug til å sjå korleis det gjekk med brørne sine, israelittane. #2 Mos 2,11f 24Og då han såg ein som vart ille medfaren og leid urett, hjelpte han mannen og slo egyptaren i hel, så mannen fekk retten sin. 25Han trudde at landsmennene hans kom til å skjøna at Gud ville bruka han til å berga dei; men dei skjøna det ikkje. 26Dagen etter råka han på to menn som slost, og han prøvde å forlika dei og sa: «De er då brør, karar! Korleis kan de vera så vonde mot kvarandre?» #2 Mos 2,13f 27Men han som hadde gjort urett mot landsmannen sin, skuva han til sides og sa: «Kven har sett deg til hovding og domar over oss? 28Du vil kanskje drepa meg, liksom du drap egyptaren i går?» 29Dette svaret fekk Moses til å røma, og han slo seg ned som innflyttar i Midjan, der han fekk to søner. #2 Mos 2,15 30Då førti år var lidne, synte ein engel seg for han i øydemarka ved Sinai-fjellet, i logen frå ein brennande klungerrunne. #2 Mos 3,2f 31Moses såg dette synet og undra seg. Då han gjekk nærare og ville sjå etter, lydde Herrens røyst: #2 Mos 3,4ff 32Eg er dine fedrars Gud, Abrahams og Isaks og Jakobs Gud. Men Moses skalv av redsle og våga ikkje sjå opp. 33Då sa Herren til han: Ta av deg skorne! For staden du står på, er heilag jord. 34Eg har sett kor ille folket mitt vert plaga i Egypt; eg har høyrt korleis dei klagar, og eg har stige ned og vil fria dei ut. Kom! For no sender eg deg til Egypt.
35Denne Moses som dei ikkje ville vita av då dei sa: Kven har sett deg til hovding og domar? – han var det Gud sende til hovding og bergingsmann; og engelen som synte seg for han i klungerrunnen, skulle vera med han og hjelpa han. #2 Mos 2,14; 3,2 36Moses var det som førte dei ut og gjorde under og teikn i Egypt, ved Raudehavet og i øydemarka i førti år. #2 Mos 7,3.10; 14,21 37Han var det som sa til israelittane: Gud skal reisa opp ein profet som meg mellom dykk, ein av dykkar eigne brør. #5 Mos 18,15; Apg 3,22 38Denne Moses var saman både med engelen som tala til han frå Sinai-fjellet, og med fedrane våre då dei var samla i øydemarka. Han fekk levande ord som han skulle gje oss. #2 Mos 19ff 39Men fedrane våre ville ikkje lyda han. Dei viste han frå seg og ynskte seg attende til Egypt #4 Mos 14,3 40og sa til Aron: «Lag oss gudar som kan gå føre oss. For vi veit ikkje kvar det har vorte av denne Moses som førte oss ut or Egypt.» #2 Mos 32,1 41Den gongen laga dei ein kalv og bar fram offer til denne avguden og gledde seg over eit verk dei hadde laga med eigne hender. #2 Mos 32,4ff 42Då vende Gud seg frå dei og lét dei tilbe himmelhæren, som det står skrive i profetboka:#Am 5,25ff
Bar de fram for meg slaktoffer og gåver
dei førti åra i øydemarka, du Israels ætt?
43Nei, de bar med dykk teltet åt Molok
og stjerna åt guden Romfa,
bilete de laga og tilbad.
Men eg vil flytta dykk bortom Babylon. #7,43 Molok Sjå Tillegg.
44I øydemarka hadde fedrane våre vitnemålsteltet med seg. Han som tala til Moses, hadde gjeve påbod om det; Moses skulle laga det etter det førebiletet han fekk sjå. #7,44 vitnemålsteltet Det greske gamle-testamentet nyttar denne nemninga på møteteltet. Sjå 2 Mos 33,7ff. «Vitnemålet» er eit namn på Guds lov. #2 Mos 25,9.40; 27,21; Hebr 8,5 45Fedrane våre fekk det i arv, og då Josva var førar, tok dei det med seg inn i det landet dei fekk i eige etter dei folkeslaga som Gud dreiv bort framfor dei. Såleis var det heilt til Davids dagar. #Jos 3 46Han fann nåde hjå Gud og bad om å få syta for ein bustad til Jakobs ætt. #2 Sam 7; Sal 132,5 47Men det vart Salomo som bygde eit hus for Gud. #1 Kong 6 48Men Den Høgste bur ikkje i hus bygde av menneskehand. For såleis talar profeten:
49Himmelen er min kongsstol
og jorda skammel for mine føter.
Kva slag hus kan de byggja åt meg, seier Herren,
eller kvar er staden der eg kan kvila? #Jes 66,1f
50Er det ikkje mi hand som har skapt alt dette?
51Stivnakkar som de er, og uomskorne på hjarta og øyro! Alltid står de Den Heilage Ande imot, de som fedrane dykkar. #2 Mos 32,9; Jes 63,10; Jer 6,10; 9,26 52Kven av profetane var det fedrane dykkar ikkje forfylgde? Dei drap dei som føreåt forkynte at Den Rettferdige skulle koma, han som de no har svike og slege i hel, #7,52 Den Rettferdige Messias, Kristus. Jfr. 3,14; 22,14. #Matt 5,12+ 53de som tok imot lova etter påbod av englar, men ikkje har halde henne.#Gal 3,19; Hebr 2,2
Stefanus vert steina
54Då dei høyrde dette, vart dei så harme at dei skar tenner mot han. #5,33 55Men fylt av Den Heilage Ande vende Stefanus augo mot himmelen, og der såg han Guds herlegdom og Jesus stå ved Guds høgre hand. #2,33+ 56Då sa han: «Eg ser himmelen open og Menneskesonen stå ved Guds høgre hand.» #Sal 80,18 57Men då skreik dei høgt og heldt seg for øyro, og alle som ein storma dei mot han. 58Dei dreiv han føre seg ut or byen og steina han. Og vitna la kleda sine ved føtene til ein ung mann som heitte Saulus. #22,20 59Dei steina Stefanus, medan han bad og sa: «Herre Jesus, ta imot mi ånd!» #Sal 31,6; Luk 23,46 60Så fall han på kne og ropa med høg røyst: «Herre, tilrekna dei ikkje denne synda!» Då han hadde sagt det, slokna han.#Matt 5,44+

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in