Apostelgjerningane 26
26
1Så sa Agrippa til Paulus: «Du kan få lov til å svara for deg.» Paulus lyfte handa og tok til med forsvaret:
2Eg held det for ei lukke at det er framfor deg, kong Agrippa, eg i dag skal forsvara meg mot alt det som jødar skuldar meg for, 3sidan du kjenner så vel alle skikkar og stridsspørsmål hjå jødane. Difor bed eg deg at du vil høyra på meg med tolmod. 4Heilt frå barndomen har eg butt mellom folket mitt og i Jerusalem, og alle jødar kjenner til korleis livet mitt har vore. 5Difor veit dei òg, om dei berre vil seia det, at eg frå fyrste stund har levt som farisear og vore av dei som tok det strengast med religionen vår. #23,6; Fil 3,5f+ 6Og no står eg her og skal dømast fordi eg set mi von til den lovnaden Gud gav fedrane våre, #23,6; 24,15; 28,20 7den som det tolvætta folket vårt vonar å sjå oppfylt når dei ihuga dyrkar Gud natt og dag. For denne vona skuld, konge, fører jødar klagemål mot meg. 8Kvifor held dei det for utruleg hjå dykk at Gud vekkjer opp att menneske som er døde? 9Eg tykte sjølv ein gong at det var ei plikt å strida av all kraft mot namnet åt nasarearen Jesus. #9,1f+ 10Og det gjorde eg i Jerusalem. Eg fekk fullmakt frå overprestane og kasta mange av dei heilage i fengsel; og var det tale om å avretta dei, røysta eg for. 11Rundt ikring i synagogene fekk eg dei ofte straffa for å tvinga dei til å spotta; og rasande som eg var, forfylgde eg dei heilt til byar i utlandet.
12Medan dette stod på, fór eg ein gong til Damaskus med fullmakt og løyve frå overprestane. #9,1–19; 22,6–16 13På den ferda, konge, såg eg midt på dagen eit ljos, klårare enn sola; det kom frå himmelen og stråla rundt ikring meg og dei som var i lag med meg. 14Vi stupte alle til jorda, og eg høyrde ei røyst som sa til meg på hebraisk: «Saul, Saul, kvifor forfylgjer du meg? Det vert hardt for deg å stampa mot brodden!» 15«Kven er du, Herre?» spurde eg. Og Herren svara: «Eg er Jesus, han som du forfylgjer. 16Men reis deg opp og stå på føtene dine! Eg har synt meg for deg fordi eg vil kåra deg til tenar og til vitne, både om det du har sett av meg og om det du sidan skal få sjå. #Esek 2,1.3 17Eg skal fria deg ut frå folket ditt, og frå alle folkeslag som eg sender deg til. 18Du skal opna augo deira, så dei vender om frå mørker til ljos, frå Satans makt til Gud; då skal dei få tilgjeving for syndene og arverett saman med dei som har vorte helga ved trua på meg.»#Jes 42,7; Ef 1,18; Kol 1,12ff; Apg 20,32
19Difor, kong Agrippa, har eg ikkje vore ulydig mot det himmelske synet. #Gal 1,16 20Men eg har forkynt, fyrst i Damaskus og Jerusalem, sidan i heile Judea og for andre folkeslag, at dei må gjera bot og venda om til Gud og gjera gjerningar som svarar til omvendinga. #Luk 3,8 21Difor var det nokre jødar greip meg i templet og ville drepa meg. #21,30f 22Men til denne dag har Gud hjelpt meg, og no står eg her og vitnar for høg og låg, og eg seier ikkje anna enn det som profetane og Moses sa skulle henda: #Luk 24,44ff 23at Messias skulle lida, at han skulle vera den fyrste som stod opp frå dei døde, og at han sidan skulle forkynna ljoset både for vårt folk og for folkeslaga.#Jes 42,6; 49,6; Apg 13,46f; 1 Kor 15,20+
24Då han kom til desse orda i forsvarstalen, ropa Festus høgt: «Du er frå sans og samling, Paulus! Den store lærdomen din fører deg bort i vitløyse!» 25Men Paulus svara: «Eg er ikkje frå vitet, vørde Festus; alt det eg seier, er sant og vel gjennomtenkt. 26Kongen kjenner til desse tinga; difor talar eg så frihuga til han. Eg kan ikkje tru at noko av dette er ukjent for han; det har då ikkje gått føre seg i ein avkrok. 27Trur du profetane, kong Agrippa? Eg veit at du trur.» 28Då sa Agrippa til Paulus: «Det vantar lite på at du får overtalt meg til å verta ein kristen.» 29Paulus svara: «Mitt ynske til Gud er at både du og alle som høyrer meg i dag, no eller seinare må verta som eg, men utan desse lekkjene.»
30Så reiste dei seg, både kongen og landshovdingen og Berenike og dei andre som sat der. 31Og medan dei gjekk ut, tala dei med kvarandre og sa: «Den mannen har ikkje gjort noko som han bør lata livet eller sitja i fengsel for.» #25,25 32Og Agrippa sa til Festus: «Han kunne ha vorte sett fri, om han ikkje hadde anka til keisaren.»#25,11
Currently Selected:
Apostelgjerningane 26: NO1978NN
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2