Apostelgjerningane 14
14
I Ikonium
1I Ikonium fór dei fram på same vis: Dei gjekk inn i den jødiske synagoga, og dei tala såleis at ei stor mengd jødar og grekarar kom til tru. 2Men dei jødane som ikkje ville tru, eggja opp heidningane og sette dei opp mot brørne. 3Likevel vart dei verande der ei tid, og tala med frimod i tillit til Herren, og han vitna for sitt nådeord med teikn og under som han gav dei makt til å gjera. #Mark 16,20; Apg 19,11; Hebr 2,4 4Folket i byen delte seg; somme heldt med jødane, somme med apostlane. 5Men så hende det at både heidningane og jødane med styresmennene sine sette seg føre å skamfara dei og steina dei. #2 Tim 3,11 6Og då dei skjøna at det var meininga, rømde dei til Lykaonia, til byane Lystra og Derbe og bygdene der ikring. #Matt 10,23 7Der forkynte dei evangeliet.
I Lystra
8I Lystra var det ein mann som var lam i føtene. Han hadde vore vanfør frå han var fødd, og hadde aldri kunna gå. #3,2ff 9Denne mannen høyrde ofte på Paulus når han tala. Ein gong feste Paulus augo på han, og då han skjøna at mannen hadde tru så han kunne verta lækt, 10sa han med høg røyst: «Reis deg og stå på føtene dine!» Då spratt han opp og gjekk ikring. #Jes 35,6; Apg 3,6f+ 11Då folket såg kva Paulus hadde gjort, sette dei i og ropa på lykaonisk: «Gudane har vorte menneske og stige ned til oss!» #28,6 12Og dei kalla Barnabas for Zevs og Paulus for Hermes, sidan det var han som førte ordet. #14,12 Zevs hovudguden åt grekarane. #14,12 Hermes bodberaren mellom gudane, gud for talekunst og handel. 13Presten i Zevs-templet tett utanfor byen kom til byporten med oksar og blomekransar og ville ofra saman med folket. 14Men då apostlane Barnabas og Paulus høyrde det, reiv dei sund kappene sine, sprang inn i flokken #14,14 reiv dei sund kappene sine [Matt 26,65.] 15og ropa: «Kva er det de finn på, godt folk? Vi er då vanlege menneske som de! Vi forkynner at de må venda om frå desse gagnlause avgudane til den levande Gud, han som skapte himmelen og jorda og havet og alt som i dei er. #10,26; 4,24+; 1 Tess 1,9 16I framfarne tider lét han nok alle folkeslag gå sine eigne vegar; #17,30 17men han lét velgjerningar vitna om seg. Frå himmelen sende han dykk regn og grøde i rett tid, han gav dykk føde og fylte hjarto dykkar med glede.» #Sal 104,27f; Jer 5,24; Apg 17,26f 18Såleis tala dei, men det var berre så vidt dei greidde å hindra folket i å ofra til seg.
19Men så kom det nokre jødar dit frå Antiokia og Ikonium. Dei fekk folket på si side, og så steina dei Paulus og drog han ut or byen; for dei trudde han var død. #2 Kor 11,25; 2 Tim 3,11 20Men læresveinane slo ring om han, og han reiste seg opp og gjekk inn i byen. Dagen etter tok han ut og fór saman med Barnabas til Derbe.
Attende til Antiokia
21Dei forkynte evangeliet der i byen og vann mange læresveinar. Så reiste dei attende til Lystra og Ikonium, og derifrå til Antiokia. 22Og kvar dei kom, styrkte dei læresveinane og oppmoda dei til å vera faste i trua og sa: «Vi må gå inn i Guds rike gjennom mange trengsler.» #Matt 10,38+; Apg 13,43; 1 Tess 3,3; 2 Tim 3,12 23I kvar kyrkjelyd valde dei ut eldste åt dei, og gav dei med bøn og faste over til Herren som dei trudde på. #13,3; Tit 1,5 24Så drog dei gjennom Pisidia og kom til Pamfylia. 25Dei forkynte Ordet i Perge og fór så ned til Attalia. 26Derifrå siglde dei til Antiokia, den staden der dei vart overgjevne til Guds nåde, då dei skulle gå i gang med det verket dei no hadde fullført. #13,1f 27Då dei kom dit, samla dei kyrkjelyden og fortalde om kor store ting Gud hadde gjort gjennom dei, og at han hadde opna ei dør til tru for heidningane. #15,4.12; 1 Kor 16,9+ 28Og dei vart verande ei god stund hjå læresveinane i Antiokia.
Currently Selected:
Apostelgjerningane 14: NO1978NN
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2