YouVersion Logo
Search Icon

1. Kongebok 5

5
Salomo førebur tempelbygginga
1Då Hiram, kongen i Tyrus, fekk høyra at Salomo var salva til konge etter far sin, sende han nokre av mennene sine til han. For Hiram hadde alltid vore godvener med David. #2 Sam 5,11 2Sidan sende Salomo bod til Hiram med desse orda: #2 Krøn 2,3ff 3«Du veit at David, far min, ikkje fekk bygt eit hus for namnet åt Herren sin Gud, av di han hadde ufred med fiendane sine på alle kantar, til dess Herren la dei under føtene hans. 4Men no har Herren min Gud gjeve meg fred rundt ikring. Det finst ingen motstandar og ingen fare meir. 5Difor tenkjer eg no å byggja eit hus for namnet åt Herren min Gud, så som Herren sa til David, far min: Son din, som eg vil setja på kongsstolen etter deg, han skal byggja huset for namnet mitt. #2 Sam 7,13; 1 Krøn 22,10 6Sei no frå til folka dine at dei skal hogga sedertre til meg på Libanon. Så skal mine folk arbeida saman med dei, og eg skal gje deg det du bed om i løn til folka dine. For du veit at det finst ingen hjå oss som skjønar seg så vel på tømmerhogst som sidonarane.»#5,6 sidonarane eig. nemning på folk i byen Sidon, men står òg for fønikarane elles. Sml. 16,31.
7Då Hiram fekk denne bodskapen frå Salomo, vart han inderleg glad og sa: «Lova vere Herren i dag, han som har gjeve David så vis ein son og sett han til å styra dette store folket.» #2 Krøn 2,12 8Så sende Hiram bod til Salomo med desse orda: «Eg har fått den bodskapen du sende meg. Eg skal i alle måtar gjera som du ynskjer når det gjeld sedertrea og sypressane. 9Folka mine skal føra dei frå Libanon ned til havet. Så skal vi leggja dei i flåtar på sjøen og føra dei til den staden du nemner for meg. Der skal vi ta dei frå kvarandre, og så kan de henta dei. Sidan må du gjera som eg ynskjer, og la meg få det eg treng til hushaldet mitt.» 10Så lét Hiram Salomo få det han ville av sedertre og sypressar. 11Og Salomo gav Hiram tjue tusen kor kveite til hushaldet hans og tjue kor fin olivenolje. Så mykje sende han til Hiram kvart år.
12Herren gav Salomo visdom, så som han hadde lova. Det var fred mellom Hiram og Salomo, og dei gjorde pakt med einannan.
13Kong Salomo tok ut pliktarbeidarar i heile Israel. Tretti tusen mann tok han ut, 14og han sende dei i skift til Libanon, ti tusen kvar månad. Ein månad var dei på Libanon og to månader heime. Adoniram hadde tilsyn med pliktarbeidarane. 15Salomo hadde sytti tusen berarar og åtti tusen steinhoggarar i fjellet, #2 Krøn 2,2.18 16forutan dei arbeidsformennene som stod under futane hans. Dei var tre tusen tre hundre i talet og hadde tilsyn med arbeidsfolket. 17Kongen baud at dei skulle bryta ut store og verdfulle steinar; for grunnmuren under templet skulle vera av hoggen stein. 18Bygningsmennene åt Salomo og Hiram og mennene frå Gebal hogg dei til. Dei gjorde i stand både stokkane og steinane som templet skulle byggjast av.#5,18 Gebal[Jos 13,5.]

Currently Selected:

1. Kongebok 5: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy