1. Johannes 5
5
Sigrande tru
1Kvar den som trur at Jesus er Kristus, er fødd av Gud. Og den som elskar Gud, elskar det som er født av han. #Joh 3,3+; 8,42; 1 Joh 3,9; 4,2 2På dette kjenner vi at vi elskar Guds born, at vi elskar Gud og held hans bod. 3Å elska Gud er å halda hans bod, og hans bod er ikkje tunge. #Joh 14,15.23f; 2 Joh 6; Matt 11,30 4For alt som er født av Gud, sigrar over verda. Og det som har sigra over verda, er vår tru.#Joh 16,33
Vitnemålet om Sonen
5Kven andre vinn over verda enn den som trur at Jesus er Guds Son? #1 Kor 15,57; 1 Joh 4,4.15 6Han er den som kom med vatn og blod, Jesus Kristus, ikkje berre med vatnet, men med vatnet og blodet. Og Anden sjølv er vitne, for Anden er sanninga. #Joh 19,34 7Det er tre som vitnar: 8Anden og vatnet og blodet, og desse tre seier det same. 9Vi godtek vitnemål frå menneske, men Guds vitnemål er sterkare. For dette er Guds vitnemål: Han har vitna om sin eigen Son. #Joh 8,18 10Den som trur på Guds Son, har vitnemålet i seg. Men den som ikkje trur Gud, har gjort han til lygnar, fordi han ikkje har trutt Guds eige vitnemål om Son sin. #Rom 8,16 11Og dette er vitnemålet: Gud har gjeve oss evig liv, og dette livet er i Son hans. #Joh 1,4 12Den som har Sonen, har livet. Den som ikkje har Guds Son, har ikkje livet.#Joh 3,36
Bøn og forbøn
13Dette har eg skrive til dykk så de skal vita at de har evig liv, de som trur på namnet åt Guds Son. #Joh 20,31 14Og denne frimodige tillit har vi til han at han høyrer oss når vi bed om noko som er etter hans vilje. #Matt 7,7+; 1 Joh 3,21f 15Og når vi veit at han høyrer oss, kva vi så bed om, då veit vi òg at vi alt har det vi har bede han om. 16Om nokon ser bror sin gjera ei synd som ikkje fører til død, då skal han be for han, og Gud skal gje han liv – så sant han ikkje er av dei som syndar til døden. Det finst synd som fører til død, men eg talar ikkje om bøn for slik synd. #Matt 12,31+ 17All urett er synd, men ikkje all synd fører til død.#3,4
Det trua veit
18Vi veit at den som er fødd av Gud, syndar ikkje; for han som er fødd av Gud, vernar han, og den vonde rører han ikkje.#5,18 han som er fødd av Gud Kristus. #3,9+
19Vi veit at vi er av Gud, og at heile verda ligg i det vonde. #Gal 1,4 20Vi veit at Guds Son er komen, og han har gjeve oss skjøn, så vi kjenner Den Sanne. Og vi er i han, Den Sanne, vi som er i Son hans, Jesus Kristus. Han er den sanne Gud og det evige livet. #Joh 17,3 21Mine born, ta dykk i vare for dei falske gudane!#1 Kor 10,14
Currently Selected:
1. Johannes 5: Bibel1978
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2