YouVersion Logo
Search Icon

1. Johannes 4

4
Prøv åndene!
1De kjære, tru ikkje kvar ei ånd! Prøv åndene om dei er av Gud! For mange falske profetar har gått ut i verda. #1 Tess 5,21; Matt 7,15; 24,24; 2 Joh 7 2På det kjenner de Guds Ande: Kvar ånd som sannar at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod, er av Gud. #1,1 3Men kvar ånd som ikkje vedkjennest Jesus, er ikkje av Gud. Det er ånda til Antikrist, som de har høyrt skal koma. Og ho er alt i verda.#1 Kor 12,3; 1 Joh 2,18+
4Men de, mine born, er av Gud, og har sigra over dei. For han som er i dykk, er større enn han som er i verda. #Matt 12,29; Joh 3,31 5Dei er av verda, difor er òg deira tale av verda, og verda høyrer på dei. #Joh 15,19 6Men vi er av Gud, og den som kjenner Gud, høyrer på oss. Den som ikkje er av Gud, høyrer ikkje på oss. Såleis kan vi skilja sannings-ånda frå villfarings-ånda.#Joh 8,47; 18,37
Gud er kjærleik
7De kjære, lat oss elska kvarandre! For kjærleiken er frå Gud, og den som elskar, er fødd av Gud og kjenner Gud. #2,29; 5,1 8Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud, for Gud er kjærleik. #4,16 9Og Guds kjærleik vart openberra mellom oss då han sende sin einborne Son til verda så vi skulle ha liv ved han. #Joh 3,16 10Kjærleiken er ikkje det at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt Son sin til soning for syndene våre. #Rom 3,25+; 5,8 11De kjære, har Gud elska oss så, då er vi òg skuldige å elska kvarandre. #Matt 18,33 12Ingen har nokon gong sett Gud, men dersom vi elskar kvarandre, vert Gud verande i oss, og hans kjærleik har vorte fullenda i oss.#Joh 1,18+
13At vi er i han, og han i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss av sin Ande. #3,24 14Og vi har sett og vitnar at Faderen har sendt Sonen til frelsar for verda. #Joh 3,17; 4,42 15Den som sannar at Jesus er Guds Son, i han vert Gud verande og han i Gud. #Matt 16,16; 1 Joh 2,23; 5,5 16Vi har lært å kjenna den kjærleiken Gud har til oss, og vi har trutt på den. Gud er kjærleik, og den som vert verande i kjærleiken, vert verande i Gud og Gud i han.#4,8
17Det er målet som kjærleiken har for oss, at vi skal ha frimod på domedag; for som han er, slik er vi òg, midt i denne verda. Det finst ikkje otte i kjærleiken. #2,28 18Den fullkomne kjærleiken driv otten ut. For otten ber straffa i seg, og i den som ottast, har ikkje kjærleiken vorte fullenda. #Rom 8,15 19Vi elskar av di han elska oss fyrst. #4,10 20Om nokon seier at han elskar Gud, men likevel hatar bror sin, då er han ein lygnar. Den som ikkje elskar bror sin, som han har sett, han kan ikkje elska Gud, som han ikkje har sett. #2,11; 3,15.17 21Og dette er det bodet vi har frå han: Den som elskar Gud, må elska bror sin òg.#Matt 22,36ff

Currently Selected:

1. Johannes 4: Bibel1978

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in