Sakarja 6
6
Åttande syn: dei fire vognene
1Eg lyfte atter auga. Eg såg, og sjå! – fire vogner drog ut mellom to fjell, fjella var av bronse. 2#Op 6,2ffFramfor den første vogna var det raude hestar, framfor den andre vogna svarte hestar, 3framfor den tredje vogna var det kvite hestar, framfor den fjerde vogna flekkete, sterke hestar. 4Då tok eg til ords og spurde engelen som tala med meg: «Kva er dette, herre?» 5#Sal 104,3f; Jes 66,15; Jer 49,36; Dan 7,2; Op 7,1Engelen svara: «Dette er dei fire himmelvindane, som fer ut etter at dei har stige fram for han som er herre over heile jorda. 6Vogna med dei svarte hestane fer mot landet i nord, og dei kvite fer etter. Dei flekkete fer mot landet i sør.» 7#1,10Då fór dei sterke hestane ut, ivrige etter å fara omkring på jorda. Då sa han: «Av stad! Far omkring på jorda!» Så fór dei omkring på jorda. 8#Esek 5,13Han ropa til meg og sa: «Sjå, dei som fer mot landet i nord, lèt min ande slå seg ned der nord.»
9 Herrens ord kom til meg: 10#6,10 Heldai … Jedaja leiarar for dei som kom med gåver frå jødar i Babel til innbyggjarane i Jerusalem. Jf. v. 14.Ta imot gåver frå dei som er i eksil, frå Heldai, Tobia og Jedaja. Den dagen skal du gå inn i huset til Josjia, son til Sefanja, til dei som er komne frå Babel. 11Du skal ta imot sølv og gull, laga ei krone og setja henne på hovudet til øvstepresten Josva, son til Jehosadak. 12#6,12 Spire >3,8.Du skal seia til han:
Så seier Herren over hærskarane:
Sjå, ein mann,
Spire er namnet hans.
Under han skal det spira.
Han skal byggja Herrens tempel,
13 #
Sal 110; Jes 9,6 ja, han skal byggja Herrens tempel,
han skal vinna herlegdom
og sitja og herska på si trone.
Ein prest òg skal ha si trone.
Mellom dei to skal det rå fred.
14Krona skal vera til minne om Helem, Tobia, Jedaja og Hen, son til Sefanja, i Herrens tempel.
15 #
Jes 2,2f; Hag 2,7 Folk frå fjerne land skal koma
og byggja på Herrens tempel.
Då skal de kjenna
at Herren over hærskarane har sendt meg til dykk.
Dette skal skje om de lyder
røysta til Herren dykkar Gud.
Currently Selected:
Sakarja 6: NO2011NN
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.