Johannes' openberring 5
5
Boka med sju segl
1 # Esek 2,9f Og eg såg at han som sat på trona, hadde ein bokrull i høgre handa. Det var skrive på rullen, både inni og utanpå, og han var forsegla med sju segl. 2Då såg eg ein mektig engel som ropa med høg røyst: «Kven er verdig til å opna boka og bryta segla?» 3Men korkje i himmelen eller på jorda eller under jorda var det nokon som kunne opna boka eller sjå i henne. 4Då gret eg sårt, fordi ingen vart funnen verdig til å opna boka eller sjå i henne. 5#1 Mos 49,9f; Jes 11,1.10; Rom 15,12 Men ein av dei eldste sa til meg: «Gråt ikkje! For løva av Juda-stammen, Davids rotskot, har sigra og kan opna boka med dei sju segla.»
6 # Joh 1,29+; Op 5,12; 13,8; 14,1 # 5,6 midt på trona Trona blir forstått som eit podium der både Gud og Lammet har sete. Jf. 7,10. Og eg såg eit lam som stod midt på trona, mellom dei fire skapningane og i krinsen av dei eldste, og det såg ut som lammet var slakta. Det hadde sju horn og sju auge, og auga er dei sju Guds ånder som er utsende over heile jorda. 7#4,2+ Lammet kom og tok imot bokrullen frå høgre handa til han som sat på trona.
8 # 4,6; 8,3f Då det tok boka, fall dei fire skapningane og dei tjuefire eldste ned for Lammet. Dei hadde kvar si harpe og gullskåler fulle av røykjelse, det er bønene til dei heilage. 9#Sal 96,1; 98,1; Jes 42,10; Op 14,3#5,9 frikjøpt Uttrykket spelar på tanken om frikjøping av slavar eller krigsfangar. Jf. Matt 20,28+. Og dei song ein ny song:
Verdig er du til å ta imot boka
og bryta segla på henne.
For du vart slakta,
og med ditt blod har du frikjøpt for Gud
menneske av alle stammar og tungemål,
av alle folk og folkeslag.
10 # 1,6 Du har gjort dei til eit kongerike,
til prestar for vår Gud,
og dei skal herska som kongar på jorda.
11 # Dan 7,10; Hebr 12,22 # 5,11 ein uendeleg flokk gr. myriádos, «ti tusen», men ordet kan òg nyttast om ei uendeleg mengd. Og eg såg, og eg høyrde røysta av dei mange englane som stod omkring trona, og dei fire skapningane og dei eldste – det var ein uendeleg flokk, i titusental. 12#1 Krøn 29,11; Op 5,6 Dei ropa med høg røyst:
Verdig er Lammet som vart slakta,
verdig til å få all makt
og rikdom, visdom og styrke,
ære og pris og takk.
13 # Fil 2,10; Op 4,2+ Og kvar skapning i himmelen og på jorda og under jorda og på havet, ja, alt som finst der, høyrde eg seia:
Han som sit på trona,
han og Lammet vere takk og ære,
pris og makt i all æve.
14 # 4,10 Dei fire skapningane svara: «Amen.» Og dei eldste kasta seg ned og tilbad.
Currently Selected:
Johannes' openberring 5: N11NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).