Salmane 81
81
1 # 81,1 Gittit >8,1. Til korleiaren. Etter Gittit. Av Asaf.
2Bryt ut i jubel for Gud, vår styrke,
rop av glede for Jakobs Gud!
3 #
33,2+ Stem opp ein song, lat handtromma lyda,
den yndige lyra saman med harpa.
4 #
3 Mos 23,24f; 4 Mos 29,1ff Blås i horn ved nymåne
og ved fullmåne, på vår høgtidsdag.
5For det er ei forskrift i Israel,
ei lov frå Jakobs Gud.
6 # 81,6 Josef her om heile Israel. Han gjorde det til eit lovbod i Josef
då han drog ut frå Egypt.
Eg høyrer eit språk eg ikkje kjende:
7 #
2 Mos 1,14; 6,6f Eg fria hans aksel frå børa,
hendene slapp å bera korga.
8 #
2 Mos 17,1ff; 19,19; 4 Mos 20,13; Sal 95,8f; 106,32f I trengsle ropa du, og eg fria deg ut;
løynd i toreskya svara eg deg,
ved Meriba-kjelda prøvde eg deg. Sela
9 #
95,7
Høyr, mitt folk, eg formanar deg!
Israel, om du berre ville høyra på meg!
10 #
2 Mos 20,2ff+ Ingen framand gud må finnast hos deg,
du skal ikkje bøya deg for gudar frå framande land!
11Eg er Herren din Gud
som førte deg opp frå Egypt.
Lat opp munnen, så fyller eg han!
12Men folket mitt høyrde ikkje på meg,
Israel ville ikkje lyda meg.
13Så lét eg dei fara, forherda i hjartet;
dei følgde sine eigne planar.
14 #
5 Mos 5,29; 28,1 Gjev mitt folk ville høyra på meg,
gjev Israel ville gå på mine vegar!
15Då skulle eg kua motstandarane deira med det same
og retta handa mot fienden.
16Dei som hatar Herren, må krypa for han,
deira ulukketid skal alltid vara.
17 #
5 Mos 32,13f Men han har late Israel eta den beste kveiten.
Eg mettar deg med honning frå berget.
Currently Selected:
Salmane 81: NO2011NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.