Salmane 8
8
1 # 8,1 Gittit kanskje namnet på ein melodi. Til korleiaren. Etter Gittit. Ein salme av David.
2 #
19,2; 89,6; 148,4.13 Herre, vår herre,
kor herleg ditt namn er over heile jorda,
du som har breidd ut din glans på himmelen!
3 #
Matt 21,16
# 8,3 vern =Septuaginta har eit ord som tyder «lovsong» her. Frå munnen på småborn og spedborn
har du reist eit vern mot dei som står imot deg,
for å gjera ende på fienden og hemnaren.
4Når eg ser din himmel, eit verk av dine fingrar,
månen og stjernene som du har sett der,
5 #
Job 7,17; Sal 144,3; Hebr 2,6ff kva er då eit menneske – at du hugsar på det,
eit menneskebarn – at du tek deg av det?
6 # 8,6 Gud Ordet i grunnteksten kan òg tyda «himmelske vesen». Jf. Hebr 2,7. Du sette han lite lågare enn Gud
og krona han med herlegdom og ære.
7 #
1 Mos 1,26ff+ Du sette han til herre over det dine hender har skapt,
alt la du under hans føter:
8småfe og storfe i samla flokk,
dei ville dyra på marka,
9fuglane under himmelen og fiskane i havet,
alt som ferdast på havsens stigar.
10 Herre, vår herre,
kor herleg ditt namn er over heile jorda!
Currently Selected:
Salmane 8: NO2011NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.