Salmane 72
72
1 #
Jes 11,2ff Av Salomo.
Gud, lær kongen å dømma som du,
gjev kongssonen di rettferd!
2Han skal dømma ditt folk med rettferd,
dine hjelpelause med lov og rett!
3 #
Jes 45,8; 55,12 Fjella skal gje folket fred
og haugane bera rettferds frukt.
4 #
10,14+; Jes 11,4 Han skal la dei verjelause i folket få sin rett,
han skal berga dei fattige.
Undertrykkjaren skal han knusa.
5 #
89,37f; Jer 33,20f # 72,5 Lat han leva Omsetjinga følgjer =Septuaginta. Hebr. har «Dei skal frykta deg». Lat han leva frå slekt til slekt,
så lenge sol og måne er til!
6 #
5 Mos 32,2; Jes 45,8; Hos 6,3 Han skal koma som regn på nyslegen eng,
lik ei regnskur som vatnar jorda.
7Rettferd skal spira i hans dagar
og freden vera stor til månen forgår.
8 #
80,12; 89,26; Sak 9,10 Han skal styra frå hav til hav,
frå Storelva til heimsens endar.
9 #
Jes 49,23
Dei som bur i ørkenen,
skal bøya seg for han,
fienden skal slikka støvet.
10 #
45,13+ # 72,10 Tarsis hamneby eller område ved fjerne kystar, kan henda vest i Middelhavet. >1 Mos 10,4. Saba rike sør i Arabia. Seba rike i Afrika, truleg sørvest for Raudehavet. Jf. Jes 43,3. Kongar frå Tarsis og fjerne strender
skal senda skatt til han.
Kongane i Saba og Seba
skal koma med gåver.
11 #
22,28+ Alle kongar skal kasta seg ned for han,
alle folkeslag skal tena han.
12 #
Job 29,12
Han bergar ein fattig som ropar,
ein stakkar som ingen hjelper.
13Han bryr seg om fattige og veike,
han bergar livet til dei fattige.
14 #
116,15
Han løyser dei frå tvang og vald,
deira liv er dyrt i hans auge.
15Kongen skal leva
og få gull frå Saba!
Folk skal alltid be for han
og velsigna han dagen lang.
16 #
Jer 31,12; Am 9,13 Lat kornhaugane bli høge som fjell,
grøda bølgja som Libanons skog.
Lat byane bløma som graset på marka!
17 #
1 Mos 12,3; Sal 21,7+ Lat namnet hans leva til evig tid,
skyta friske skot så lenge sola er til!
Dei skal velsigna seg ved han,
alle folk skal prisa han sæl.
18 #
106,48
Velsigna er Herren, Israels Gud,
han som gjer under, berre han,
19 #
Jes 6,3; Hab 3,3 og velsigna er hans herlege namn til evig tid!
All jorda skal fyllast med hans herlegdom.
Amen! Ja, amen!
20Bønene av David, son til Isai, er til ende.
Currently Selected:
Salmane 72: NO2011NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.