Salmane 57
57
1 #
1 Sam 22,1; 24,4; Sal 142,1 # 57,1 Øydelegg ikkje kanskje namn på ein melodi. Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!» Ein miktam. Av David, då han rømde for Saul og gøymde seg i hòla.
2 #
17,8+ Ver meg nådig, Gud, ver meg nådig!
For eg søkjer tilflukt hos deg.
I skuggen av dine venger
søkjer eg ly til faren er over.
3Eg ropar til Gud, Den høgste,
til Gud som gjer vel mot meg.
4 #
40,12
Han skal senda meg hjelp frå himmelen,
håna dei som jagar meg Sela
og gje meg si miskunn og sin truskap.
5 #
7,3+; Ordt 30,14 Sjølv ligg eg midt mellom løver
som vil sluka menneske.
Tennene deira er spyd og piler,
tunga er eit kvast sverd.
6Vis deg høg over himmelen, Gud,
vis din herlegdom over all jorda!
7 #
7,16+ Dei la ut eit nett for mine føter,
dei pressa meg ned.
Dei grov ei fallgrav for meg,
men sjølve fall dei ned i grava. Sela
8 #
108,2ff Mitt hjarte er roleg, Gud,
roleg og trygt.
Eg vil syngja og spela.
9Vakna, mi ære,
vakna, harpe og lyre!
Eg vil vekkja morgonròden.
10 #
18,50
Eg vil takka deg mellom folka, Herre,
lovsyngja deg mellom folkeslag.
11 #
36,6+ For di miskunn når til himmelen,
din truskap til skyene.
12Vis deg høg over himmelen, Gud,
vis din herlegdom over all jorda!
Currently Selected:
Salmane 57: NO2011NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.