YouVersion Logo
Search Icon

Salmane 5

5
1Til korleiaren. Med fløytespel. Ein salme av David.
2 Herre, høyr mine ord!
Lytt til mi klage!
3Høyr mitt rop om hjelp,
min konge og min Gud,
for eg bed til deg.
4 # 88,14 Herre, om morgonen høyrer du mi røyst,
tidleg ber eg fram mitt offer og ventar.
5 # 15,1ff; 24,3f; Jes 33,14 Du er ein Gud som ikkje toler urett.
Ingen vonde får bu hos deg.
6Dei hovmodige får ikkje stiga fram for dine auge.
Du hatar alle som gjer vondt,
7 # 55,24; Apg 5,1ff du gjer ende på dei som talar løgn.
Herren avskyr drapsmenn og svikarar.
8Men ved di store miskunn
kan eg gå inn i ditt hus.
Eg kastar meg ned i ærefrykt for deg,
vend mot ditt heilage tempel.
9 # 25,4f; 27,11; 139,24 Herre, lei meg i di rettferd
så fienden ikkje når meg.
Gjer vegen din jamn for meg!
10 # 55,22; 62,5; Rom 3,13 For det finst ikkje sanning i deira munn,
forderva er deira indre.
Strupen er ei open grav,
og tunga er glatt.
11Gud, lat dei bøta for si skuld,
lat dei falla for sine eigne planar!
Driv dei bort og sprei dei,
syndene deira er mange.
For dei har trassa deg.
12 # 2,12 Men alle som søkjer tilflukt hos deg, skal gleda seg,
alltid skal dei jubla.
Du vernar dei. Dei frydar seg i deg,
dei som elskar ditt namn.
13 # 3,4+ For du, Herre, velsignar den rettferdige,
du dekkjer han med nåde som skjold.

Currently Selected:

Salmane 5: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy