YouVersion Logo
Search Icon

Salmane 2

2
1 # 1,2; Apg 4,25f Kvifor er folkeslag i opprør?
Kvifor grundar folka på det som er fåfengt?
2 # 2,2 den Herren har salva kongen i Israel, her skildra som frelsarkonge. Jf. 1 Sam 10,1. =Messias. Kongane på jorda reiser seg,
fyrstane slår seg saman
mot Herren og den han har salva.
3«Lat oss slita sund deira lenkjer
og kasta reipa av oss!»
4 # 37,13; 59,9; Jes 40,22f Han ler, han som tronar i himmelen,
Herren spottar dei.
5Så talar han til dei i sin vreide,
i sin harme slår han dei med redsle:
6«Det er eg som har innsett min konge
på Sion, mitt heilage fjell.»
7 # 2 Sam 7,14; Sal 89,27f; Apg 13,33; Hebr 1,5; 5,5 # 2,7 det Herren har fastsett kanskje eit ord frå Gud til kongen på kroningsdagen. Jf. 2 Kong 11,12. Eg vil kunngjera det Herren har fastsett.
Han sa til meg: «Du er son min, eg har fødd deg i dag.
8 # 72,8; Sak 9,10 Be meg, så gjev eg deg folka som arv
og heile jorda i eige.
9 # Op 2,27; 19,15 Du skal knusa dei med jernstav,
som ei krukke frå pottemakaren skal du slå dei sund.»
10Kongar, ver forstandige!
lat dykk refsa, de som styrer på jorda.
11Ten Herren med ærefrykt,
gled dykk og skjelv for han!
12 # 34,9; 40,5; 84,13; 146,5 Kyss jorda, så han ikkje blir harm
og de går til grunne på vegen.
For hans vreide kan lett flamma opp.
Sæle er dei som søkjer tilflukt hos han.

Currently Selected:

Salmane 2: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy