Salmane 16
16
1 #
7,2
# 16,1 miktam kanskje ein soningssalme. Ein miktam. Av David.
Vern meg, Gud, for eg søkjer tilflukt hos deg.
2 #
73,25f # 16,2–4 Tydinga av den hebr. teksten er usikker. Eg seier til Herren: «Du er min Herre,
alt godt har eg i deg.»
Usle er dei 3ein held for heilage i landet.
Desse veldige vil eg ikkje vita av.
4 #
2 Mos 20,3; 23,13; Jos 23,7 Dei som spring etter andre gudar,
vil få mange plager.
Eg vil ikkje renna ut blodoffer for dei
og ikkje ha deira namn på mine lepper.
5 #
119,57; 142,6; Klag 3,24 # 16,5–6 del, lut, eigedom Orda blir elles nytta når det er tale om å dela opp landet. Jf. 4 Mos 18,20. Herre, du er min del og mitt beger.
Du held min lut i dine hender.
6Fruktbar jord vart målt opp til meg,
ein herleg eigedom vart min.
7Eg velsignar Herren, som leier meg,
jamvel om natta får eg råd frå mitt indre.
8 #
73,23; Apg 2,25ff Alltid har eg Herren framfor meg.
Han er ved mi høgre side,
eg skal ikkje vakla.
9Difor er det glede i mitt hjarte, og mitt inste jublar,
jamvel kroppen kan slå seg til ro.
10 #
Apg 13,35
Du gjev ikkje mi sjel over til dødsriket,
du lèt ikkje din trufaste tenar sjå grava.
11 #
17,15; 21,7 Du lærer meg livsens veg,
hos deg er glede i overflod,
fagnad utan ende ved di høgre hand.
Currently Selected:
Salmane 16: NO2011NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.