YouVersion Logo
Search Icon

Salmane 16

16
1 # 7,2 # 16,1 miktam kanskje ein soningssalme. Ein miktam. Av David.
Verna meg, Gud, for eg søkjer tilflukt hos deg.
2 # 73,25f # 16,2–4 Tydinga av den hebr. teksten er usikker. Eg seier til Herren: «Du er min Herre,
alt godt har eg i deg.»
Usle er dei 3ein held for heilage i landet.
Desse veldige vil eg ikkje vita av.
4 # 2 Mos 20,3; 23,13; Jos 23,7 Dei som spring etter andre gudar,
vil få mange plager.
Eg vil ikkje renna ut blodoffer for dei
og ikkje ha deira namn på mine lepper.
5 # 119,57; 142,6; Klag 3,24 # 16,5–6 del, lodd, eigedom Orda blir elles nytta når det er tale om å dela opp landet. Jf. 4 Mos 18,20. Herre, du er min del og mitt beger.
Du held min lut i dine hender.
6Fruktbar jord vart målt opp til meg,
ein herleg eigedom vart min.
7Eg velsignar Herren, som leier meg,
jamvel om natta får eg råd frå mitt indre.
8 # 73,23; Apg 2,25ff Alltid har eg Herren framfor meg.
Han er ved mi høgre side,
eg skal ikkje vakla.
9Difor er det glede i mitt hjarte, og mitt inste jublar,
jamvel kroppen kan slå seg til ro.
10 # Apg 13,35 Du gjev ikkje mi sjel over til dødsriket,
du lèt ikkje din trufaste tenar sjå grava.
11 # 17,15; 21,7 Du lærer meg livsens veg,
hos deg er glede i overflod,
fagnad utan ende ved di høgre hand.

Currently Selected:

Salmane 16: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy