Salmane 142
142
1 #
57,1+ Ein læresalme av David, då han var i hòla. Ei bøn.
2Eg ropar høgt til Herren.
Eg bed til Herren om nåde.
3Eg auser ut mi klage
og fortel han om mi naud.
4 #
140,6+ Når ånda mi veiknar, kjenner du min stig.
På vegen der eg går, set dei snarer.
5 #
38,12+ Vend blikket mot høgre og sjå:
Ingen kjennest ved meg,
eg har ikkje nokon stad å flykta,
ingen bryr seg om meg.
6 #
16,5+ # 142,6 i landet til dei levande >27,13. Herre, eg ropar til deg.
Eg seier: Du er mi tilflukt,
min del i landet til dei levande.
7Høyr når eg ropar,
for eg er fattig og hjelpelaus!
Fri meg frå dei som jagar meg,
dei er for sterke.
8Før meg ut av fengselet
så eg kan prisa ditt namn!
Dei rettferdige skal samla seg om meg,
for du gjer godt mot meg.
Currently Selected:
Salmane 142: NO2011NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.