YouVersion Logo
Search Icon

Salmane 137

137
1 # 137,1 elvane i Babel sideelvar og kanalar til Eufrat, t.d. Kebar-elva. Jf. Esek 1,1. vi diktaren og landsmennene hans, som var bortførte. Ved elvane i Babel sat vi og gret
når vi tenkte på Sion.
2Vi hengde lyrene
opp i piletrea.
3Dei som tok oss til fange, bad oss om song,
dei som bortførte oss, bad om glede:
«Syng ein av Sions songar for oss!»
4Korleis kan vi syngja Herrens songar
på framand jord?
5 # Jer 51,50 Gløymer eg deg, Jerusalem,
så lat mi høgre hand bli gløymd!
6Lat tunga klistra seg til ganen
om eg ikkje tenkjer på deg,
om eg ikkje set Jerusalem
høgare enn mi største glede!
7 # Klag 4,21f # 137,7 Edoms søner edomittane, som gledde seg då Nebukadnesar knuste Juda-riket i 587 f.Kr., og som prøvde å utnytta ulukka deira. Jf. Esek 35,1ff; Ob 1–15. Herre, hugs Jerusalems dag
då Edoms søner sa:
«Riv ned! Riv ned til grunnen!»
8 # Jes 13,19ff; Jer 50,29ff Du dotter Babel som er herja,
sæl er den som gjev deg att
for det du gjorde mot oss.
9 # Jes 13,16 Sæl er den som grip dine born
og knuser dei mot berget!

Currently Selected:

Salmane 137: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in