Salmane 126
126
1 #
14,7+ # 126,1 vende Sions lagnad eller «lèt Sions fangar venda attende». Ein song til festreisene.
Då Herren vende Sions lagnad,
var det som ein draum for oss.
2 #
Job 8,21
Då fyltest vår munn med lått,
vår tunge med jubel.
Då sa dei mellom folka:
«Stort er det som Herren har gjort mot dei.»
3Ja, stort er det som Herren gjorde mot oss,
og vi vart glade.
4 # 126,4 bekkene i Negev Bekkefara her ligg tørre om sommaren, men blir fylte med vatn i regntida. Herre, vend vår lagnad
som bekkene i Negev!
5 #
Matt 5,4; Luk 6,21 Dei som sår med tårer,
skal hausta med jubel.
6Gråtande går dei ut og ber sitt såkorn,
med jubel kjem dei tilbake og ber sine kornband.
Currently Selected:
Salmane 126: NO2011NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.