YouVersion Logo
Search Icon

Ordtaka 25

25
Fjerde samlinga
(Kap. 25–29)
Ordtak samla på Hiskias tid
1 # 2 Kong 18,1–8 # 25,1 mennene til … Hiskia skrivarar og vismenn som kong Hiskia hadde ved hoffet sitt. Dette er òg ordtak frå Salomo. Dei er overleverte frå mennene til Juda-kongen Hiskia.
2 # 5 Mos 29,29; Jes 45,15; Rom 11,33 Det er Guds ære å skjula ei sak,
men kongars ære å granska henne.
3Himmelhøgd og jordedjup
og kongars hjarte kan ingen granska.
4Skil slagget frå sølvet,
så kan sølvsmeden laga ei skål.
5 # 16,12 Før den urettferdige bort frå kongen,
så skal trona hans tryggjast ved rettferd.
6Du skal ikkje framheva deg sjølv når kongen ser på,
stig ikkje fram på plassen til dei store!
7 # Luk 14,7–11 For det er betre at dei seier til deg:
«Kom og set deg her oppe!»
enn at dei flytter deg ned på grunn av ein stormann.
Kva du så ser med eigne auge,
8ver ikkje for snar til å reisa sak.
For kva vil du gjera til sist
når nesten din fører skam over deg?
9 # 11,13+ Før berre saka med nesten din,
men røp ikkje ein annans løyndomar!
10Elles vil den som høyrer det, klandra deg;
ryktet du spreier, kan ikkje kallast tilbake.
11 # 15,23 Som eple av gull i eit smykke av sølv
er ord ein talar i rette tid.
12Som ein ring av gull, som eit smykke av fint gull
er refsingsord frå den vise til ein som vil høyra.
13 # 13,17 Som svalande snø når det er tid for å hausta,
er eit trufast sendebod for den som sende han,
han gjev herren sin nye krefter.
14 # Jud 12 Lik skyer og vind som ikkje gjev regn,
er den som skryter av gåver han ikkje gjev.
15 # 15,1 Med tolmod blir hovdingen overtala,
ei mild tunge knuser bein.
16Finn du honning,
så et ikkje meir enn du treng,
elles blir du for mett og må kasta opp.
17Set ikkje for ofte foten i huset til venen din,
elles blir han lei av deg og får avsky for deg.
18 # 19,5+ Som ei klubbe, eit sverd, ei kvass pil
er den som vitnar falskt mot nesten.
19Som ei ròten tann, ein vaklande fot
er det å stola på ein svikar når nauda kjem.
20Som å kasta kappa ein vinterdag,
som å slå eddik på sår
er det å syngja for eit sorgfullt hjarte.
21 # 2 Kong 6,22; Matt 5,44; Rom 12,20 Er fienden din svolten, så lat han få mat,
er han tørst, så gjev han vatn å drikka.
22 # 25,22 samlar … kol løner vondt med godt for å få fienden til å angra. Då samlar du glødande kol på hovudet hans,
og Herren skal løna deg.
23Nordavinden føder regn,
baktale føder sinte andlet.
24 # 21,9 Betre å bu i ein krok på taket
enn å dela hus med trettekjær kvinne.
25Kaldt vatn for den som er sliten,
slik er godt nytt frå framandt land.
26Ei grumsete kjelde, ein utskjemd brønn
er ein rettferdig som gjev etter for ein urettferdig.
27 # 25,16 Å eta for mykje honning er ikkje godt,
heller ikkje stendig å trå etter ære!
28 # 16,32 Lik ein øydelagd by med nedriven mur
er den som ikkje kan styra sitt sinn.

Currently Selected:

Ordtaka 25: NO2011NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in