Ordtaka 15
15
1 #
1 Sam 25,32f; Ordt 25,15 Eit mildt svar døyver sinne,
sårande ord vekkjer harme.
2 #
13,16; Fork 10,12; Jes 32,6 Vises tunge gjev god kunnskap,
men dårskap strøymer frå dårars munn.
3 #
Sal 139,1ff; Ordt 5,21; Hebr 4,13 Herrens auge er alle stader,
dei vaker over vonde og gode.
4 #
12,18
Ei lækjande tunge er eit livsens tre,
ei falsk tunge knuser livsmotet.
5 #
10,17+ Den dumme foraktar formaning frå far sin,
klok er den som lèt seg visa til rette.
6Den rettferdiges hus rommar stor rikdom;
det den urettferdige vinn, fører til ulukke.
7Vises lepper strør ut kunnskap,
det gjer ikkje dårens hjarte.
8 #
1 Sam 15,22; Ordt 21,27+ Herren avskyr offer frå urettferdige,
bøn frå dei rettskafne har han glede i.
9 #
11,20
Herren avskyr vegen til den urettferdige,
men elskar den som jagar etter rettferd.
10 #
29,1
Streng straff får den som går bort frå stigen,
den som hatar tilrettevising, skal døy.
11 #
Job 26,6
Dødsrike og avgrunn ligg opne for Herren,
kor mykje meir då menneskehjartet.
12 #
9,7f Spottaren mislikar å bli vist til rette,
han går ikkje til dei vise.
13 #
12,25
Glede i hjartet gjer andletet venleg,
sorg i hjartet gjer motlaus.
14 #
18,15
Eit klokt hjarte søkjer kunnskap,
men dårens munn lever av dårskap.
15For ein fattig er alle dagar vonde,
den fornøgde gjer kvar dag til ein fest.
16 #
16,8
Betre å ha lite og frykta Herren
enn å ha stor rikdom med uro attåt.
17 #
17,1
Betre er ein grønsakrett med kjærleik
enn oksesteik med hat attåt.
18 #
28,25; 29,22 Den som er sint, valdar trette,
den som er sein til vreide, får striden til å stilna.
19 #
22,13; 26,13 For den late er vegen som klungerkratt,
for dei rettskafne er stigen ein rydda veg.
20 #
10,1+ Ein klok son er til glede for far sin,
ein tåpeleg mann foraktar mor si.
21 #
10,23
Den vitlause har glede av dårskap,
den forstandige held rett kurs.
22 #
11,14+ Utan rådlegging mislukkast planane,
når mange gjev råd, skal dei lukkast.
23 #
16,1; 25,11 Glad blir den som kan gje svar.
Kor godt med eit ord i rette tid!
24For den forstandige fører livsvegen oppover,
slik slepp han unna dødsriket der nede.
25 #
5 Mos 19,14; 27,17 Herren riv huset ned for dei hovmodige,
men for enkjer lèt han grensesteinen stå.
26 Herren avskyr tankane til den vonde,
men venlege ord er reine.
27 #
17,23
Den som jaktar på vinning, set huset over styr,
den som nektar å la seg kjøpa, skal leva.
28Den rettferdige tenkjer før han talar,
men vondskap strøymer frå munnen på urettferdige.
29 #
Jak 5,16
Herren er langt borte frå dei urettferdige,
men han høyrer bøna frå dei rettferdige.
30Strålande auge gleder hjartet,
god bodskap gjev merg i bein.
31 #
12,1; 13,18 Den som høyrer på rettleiing om livet,
får plass blant dei vise.
32 #
10,17+ Den som ikkje tek imot formaning, foraktar seg sjølv,
den som lèt seg visa til rette, kjøper seg innsikt.
33 #
1,7; 9,10 Frykt for Herren oppdreg til visdom,
å vera audmjuk er vegen til ære.
Currently Selected:
Ordtaka 15: NO2011NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.