YouVersion Logo
Search Icon

4. Mosebok 4

4
Arbeidet til levittane ved teltheilagdomen
1 Herren sa til Moses og Aron: 2Tel opp Kehat-sønene, som høyrer til levittane, slekt for slekt og familie for familie, 3#8,24f#4,3 tretti år Seinare vart det vedteke at levittane skulle gjera teneste frå dei var tjuefem eller tjue år. Jf. 8,24; 1 Krøn 23,24.27.alle menn som er mellom tretti og femti år, alle som skal gjera pliktteneste og utføra arbeid ved teltheilagdomen.
4Dette er tenesta til Kehat-sønene ved teltheilagdomen: Dei skal ta seg av det høgheilage.
5 # 4,5 forhenget framfor Det høgheilage. vitnemålet dei to steintavlene som låg i paktkista. Jf. 2 Mos 40,20. =Guds bustad. Når leiren skal bryta opp, skal Aron og sønene hans koma og ta ned det forhenget som skjermar, og breia det over kista med vitnemålet. 6Dei skal leggja ein duk av fint skinn på kista og deretter breia over henne eit klede som er av fiolett purpur heilt igjennom. Så skal dei setja berestengene i. 7Over bordet med skodebrød skal dei breia eit klede i fiolett purpur, og på det skal dei setja fata, skålene, krukkene og kannene for drikkofferet. Også brødet som alltid ligg framme, skal vera der. 8Og over alt dette skal dei breia eit karmosinraudt klede. Så skal dei dekkja det med eit teppe av fint skinn og setja berestengene i.
9Dei skal ta eit klede av fiolett purpur og breia over lysestaken og lampene som er på han, tengene, pannene og alle oljekrukkene som dei bruker når dei steller staken. 10Dei skal leggja staken og alle tinga som høyrer til, i eit teppe av fint skinn og setja det på ei båre. 11#4,11 det gullkledde altaret røykjelsesaltaret. Jf. 2 Mos 30,1ff.Over det gullkledde altaret skal dei breia eit klede av fiolett purpur. Så skal dei dekkja det med eit teppe av fint skinn og setja berestengene i.
12Alle tinga som dei bruker når dei gjer teneste i heilagdomen, skal dei ta og leggja i eit klede av fiolett purpur. Så skal dei dekkja dei med eit teppe av fint skinn og setja dei på ei båre. 13#4,13 altaret brennofferaltaret av bronse. Jf. 2 Mos 27,1ff.Dei skal ta bort den feite oska frå altaret og breia eit purpurraudt klede over det. 14Oppå det skal dei leggja alle tinga som dei bruker når dei gjer altarteneste: glopannene, kjøtgaflane, eldskuffene og offerskålene, alle tinga som høyrer altaret til. Så skal dei breia ein duk av fint skinn over det og setja berestengene i.
15 # 7,9; 1 Krøn 15,15 Når Aron og sønene hans er ferdige med å breia over heilagdomen og alle tinga der, skal leiren brytast. Då skal Kehat-sønene koma og bera. Men dei må ikkje røra ved det heilage. Gjer dei det, skal dei døy. Dette er det Kehat-sønene skal bera av det som høyrer teltheilagdomen til.
16Elasar, son til Aron, presten, har ansvaret for lampeoljen, den velluktande røykjelsen, det daglege grødeofferet og salvingsoljen. Han skal ha ansvar for heile bustaden og alt som er i han, både heilagdomen og tinga der.
17 Herren sa til Moses og Aron: 18De må ikkje la Kehats slektsgrein bli skoren bort frå stammen til levittane! 19For at dei skal berga livet og ikkje døy når dei kjem nær det høgheilage, skal de gjera slik med dei: Aron og sønene hans skal gå og seia til kvar einskild av dei kva dei skal gjera, og kva dei skal bera. 20#1 Sam 6,19Men Kehat-sønene må ikkje gå inn og sjå det heilage, ikkje så mykje som ein augneblink. For då skal dei døy.
21 Herren sa til Moses: 22Gersjon-sønene skal du òg telja opp, familie for familie og slekt for slekt. 23Alle menn som er mellom tretti og femti år, skal du mønstra, alle som kan gjera pliktteneste. Dei skal arbeida ved teltheilagdomen. 24Dette er det Gersjon-slektene har til oppgåve å gjera og bera: 25Dei skal bera teltdukane som høyrer bustaden til, dei som dekkjer teltheilagdomen: teppet av fint skinn som ligg over han, og forhenget framfor opninga til teltheilagdomen, 26dessutan omhenget rundt føregarden og forhenget framfor porten til føregarden som er kring bustaden og altaret, og snorene og alle tinga som dei treng til arbeidet. Dei skal gjera alt arbeidet med dette. 27Det arbeidet Gersjon-sønene utfører, alt dei skal bera og alt dei skal gjera, skal skje etter påbod frå Aron og sønene hans. De må sjå til at dei tek ansvar for alt det dei skal bera. 28Dette er det arbeidet Gersjon-slektene har å gjera ved teltheilagdomen. Itamar, son til Aron, presten, skal ha tilsyn med tenesta deira.
29Så skal du mønstra Merari-sønene, slekt for slekt og familie for familie. 30Alle menn som er mellom tretti og femti år, skal du mønstra, alle som kan gjera pliktteneste. Dei skal gjera arbeidet med teltheilagdomen. 31Og dette er det dei har ansvar for å bera når dei arbeider med teltheilagdomen: plankane i bustaden, tverrstenger, stolpar og fotstykke, 32og stolpane rundt føregarden med fotstykke, pluggar og snorer, alle tinga og alt dei treng til arbeidet. De skal setja opp ei liste og namngje kvar ting som dei har ansvaret for å bera. 33Dette er det arbeidet Merari-slektene har å gjera ved teltheilagdomen. Og Itamar, son til Aron, presten, skal ha tilsyn med det.
34Moses og Aron og leiarane for forsamlinga mønstra så Kehat-sønene, slekt for slekt og familie for familie, 35alle menn mellom tretti og femti år som kunne gjera pliktteneste ved teltheilagdomen. 36Talet på dei som vart mønstra, slekt for slekt, var 2750. 37Dette er dei av Kehat-slektene som vart mønstra, alle som skulle gjera arbeid ved teltheilagdomen, og som Moses og Aron mønstra på Herrens ord gjennom Moses.
38Så vart Gersjon-sønene mønstra, slekt for slekt og familie for familie. 39Alle menn mellom tretti og femti år som kunne gjera pliktteneste, skulle utføra arbeid ved teltheilagdomen. 40Talet på dei som vart mønstra, slekt for slekt og familie for familie, var 2630. 41Dette er dei av Gersjon-slektene som vart mønstra, alle som gjorde arbeid ved teltheilagdomen, og som Moses og Aron mønstra på Herrens ord.
42Så vart Merari-sønene og slektene deira mønstra, slekt for slekt og familie for familie. 43Alle menn mellom tretti og femti år som kunne gjera pliktteneste, skulle utføra arbeid ved teltheilagdomen. 44Talet på dei som vart mønstra, slekt for slekt, var 3200. 45Dette er dei av Merari-slektene som vart mønstra, dei som Moses og Aron mønstra på Herrens ord gjennom Moses.
46No hadde Moses og Aron og Israels leiarar mønstra levittane, slekt for slekt og familie for familie, 47alle menn mellom tretti og femti år, alle som skulle gå inn i tenesta, og alle som skulle arbeida ved teltheilagdomen og bera det som høyrer til. 48Og talet på dei som vart mønstra, var 8580. 49Dei vart mønstra av Moses på Herrens ord, kvar einskild til det han skulle gjera og bera. Dei vart mønstra slik Herren hadde pålagt Moses.

Currently Selected:

4. Mosebok 4: NO2011NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

Video for 4. Mosebok 4