YouVersion Logo
Search Icon

Malaki 4

4
1 # 3,2ff Sjå, dagen kjem,
han brenn som ein omn.
Alle frekke og alle som gjer urett,
skal då vera som halm,
dagen som kjem, skal brenna dei opp,
seier Herren over hærskarane.
Korkje rot eller grein blir att.
2 # Sal 72,2ff; Jes 11,4f; Luk 1,78 Men for dykk som fryktar for mitt namn,
skal rettferdssola stå opp
med lækjedom under vengene sine.
De skal sleppa ut og hoppa som kalvar.
3Då skal de trakka ned dei urettferdige,
dei skal vera støv under føtene dykkar
den dagen eg grip inn,
seier Herren over hærskarane.
Moses og Elia
4 # 2 Mos 20,1ff Kom i hug lova eg gav Moses, tenaren min,
på Horeb for heile Israel,
med forskrifter og bod.
5 # 3,1ff; Matt 11,14; 17,12; Luk 1,17 # 4,5 profeten Elia Jødane trudde at profeten Elia, som var oppteken til himmelen (2 Kong 2,11), skulle koma att i dei siste tidene og få menneska til å venda om. Jf. Matt 11,14; 17,10f. Sjå, eg sender profeten Elia til dykk
før Herrens dag kjem, den store og skremmande.
6 # Luk 1,16f # 4,6 slå … med bann =bann. Han skal venda fedrehjarta til borna
og barnehjarta til fedrane,
så eg ikkje skal koma og slå landet med bann.

Currently Selected:

Malaki 4: NO2011NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in