YouVersion Logo
Search Icon

Josva 19

19
Simons land
1 # 1 Mos 49,5; 1 Krøn 4,28–33 Det andre loddet fall på Simon, på Simon-stammen, slekt for slekt. Landet dei fekk, låg inne på området til Juda-stammen. 2Desse byane vart deira: Beer-Sjeba, Sjema og Molada, 3Hasar-Sjual, Bala og Esem, 4Eltolad, Betul og Horma, 5Siklag, Bet-Hammarkabot og Hasar-Susa, 6Bet-Lebaot og Sjaruhen, tretten byar med landsbyar, 7dessutan Ajin, Rimmon, Eter og Asjan, fire byar med landsbyar, 8og alle landsbyane omkring desse byane, heilt til Baalat-Beer, Rama i Negev. Dette var det landet Simon-stammen fekk, slekt for slekt. 9Landet deira var ein del av Juda. Den delen som fall på etterkomarane av Juda, var for stor for dei. Difor fekk etterkomarane av Simon sin arv inne i deira område.
Sebulons land
10 # 1 Mos 49,13; 5 Mos 33,18f Det tredje loddet fall på Sebulon-stammen, slekt for slekt. Landet dei fekk, nådde heilt til Sarid. 11Grensa gjekk vestover opp til Marala, vidare like forbi Dabbesjet og nådde fram til elvefaret ved Jokneam. 12Frå Sarid svinga ho austover, mot soloppgangen, mot området til Kislot-Tabor, og gjekk til Daberat og opp til Jafia. 13Derifrå tok ho austover til Gittat-Hefer og Itta-Kasin, vidare til Rimmon og gjekk så bort til Hannea. 14Så svinga grensa nordover til Hannaton og nådde fram til Jiftah-El-dalen, 15vidare Kattat, Nahalal, Sjimron, Jidala og Betlehem, i alt tolv byar med landsbyar. 16Dette var eigedomen til Sebulons etterkomarar, slekt for slekt, med byar og landsbyar.
Jissakars land
17 # 1 Mos 49,14f; 5 Mos 33,18f Det fjerde loddet fall på Jissakar, på Jissakar-stammen, slekt for slekt. 18Området deira omfatta Jisreel, Hakkesulot, Sjunem, 19Hafarajim, Sjion og Anaharat, 20Harabbit, Kisjon og Ebes, 21Remet, En-Gannim, En-Hadda og Bet-Passes. 22Grensa gjekk fram til Tabor, Sjahasima og Bet-Sjemesj og enda ved Jordan, seksten byar med landsbyar. 23Dette var den eigedomen Jissakar-stammen fekk, slekt for slekt, med byar og landsbyar.
Asjers land
24 # 1 Mos 49,20; 5 Mos 33,24 Det femte loddet fall på Asjer-stammen, slekt for slekt. 25Området deira omfatta Helkat, Hali, Beten, Aksjaf, 26Alammelek, Amad og Misjal. Grensa i vest gjekk fram til Karmel og Sjihor-Libnat. 27Der svinga ho austover til Bet-Dagon, fram til Sebulon og Jiftah-El-dalen mot nord, til Bet-Ha'emek og Ne'iel og vidare nordover til Kabul, 28Ebron, Rehob, Hammon og Kana, og heilt til det store Sidon. 29Ved Rama svinga grensa og gjekk vidare til festningsbyen Tyros, svinga ved Hosa og nådde fram til havet; i tillegg Mehalleb, Aksib, 30Umma, Afek og Rehob, i alt tjueto byar med landsbyar. 31Dette var eigedomen til Asjer-stammen, slekt for slekt, med byar og landsbyar.
Naftalis land
32 # 1 Mos 49,21; 5 Mos 33,23 Det sjette loddet fall på Naftali, på Naftali-stammen, slekt for slekt. 33Området deira strekte seg frå Helef, frå Elon ved Saanannim, forbi Adami-Hannekeb og Jabneel til Lakkum og heilt fram til Jordan. 34Der svinga grensa mot vest til Asnot-Tabor og gjekk derifrå til Hukkok. I sør grensa landet til Sebulon, i vest til Asjer og i aust til Jordan.
35 # 5 Mos 3,17 Festningsbyane var Hassiddim, Ser, Hammat, Rakkat, Kinneret, 36Adama, Rama og Hasor, 37Kedesj, Edre'i og En-Hasor, 38Jiron, Migdal-El, Horem, Bet-Anat og Bet-Sjemesj, i alt nitten byar med landsbyar. 39Dette var landet Naftali-stammen fekk i eige, med byar og landsbyar.
Dans land
40 # 1 Mos 49,16f; 5 Mos 33,22 # 19,40 Dan-stammen fekk først eit smalt landområde mellom Juda og Efraim, i låglandet. Sidan utvandra stammen og tok land lengst i nord, ved kjeldene til Jordan. Jf. Dom 18,1ff. Det sjuande loddet fall på Dan, på Dan-stammen, slekt for slekt. 41I landet deira låg Sora, Esjtaol, Ir-Sjemesj, 42Sjaalabbin, Ajjalon og Jitla, 43Elon, Timna og Ekron, 44Elteke, Gibbeton og Baalat, 45Jehud, Bene-Berak og Gat-Rimmon, 46Me-Hajjarkon, Harakkon og området bort imot Jaffa.
47 # Dom 1,34; 18,1ff # 19,47 Lesjem Jf. Dom 18,29f. Men området til Dans etterkomarar vart teke frå dei. Difor drog dei opp til Lesjem, gjekk til åtak på byen og tok han. Dei hogg ned innbyggjarane med sverd, la byen under seg og busette seg der. Og dei kalla Lesjem for Dan, etter Dan, stamfar sin. 48Dette var eigedomen til Dan-stammen, slekt for slekt, med byar og landsbyar.
Josvas land
49Då israelittane hadde fordelt arven, område for område, gav dei Josva, son til Nun, ein eigedom midt iblant seg. 50Som Herren hadde sagt, gav dei han den byen han bad om: Timnat-Serah i fjellområdet som høyrde Efraim til. Han bygde byen opp att og busette seg der.
51 # 14,1; 18,1 Dette var eigedomane som presten Elasar, Josva, son til Nun, og leiarane for familiane fordelte ved loddkasting til stammane i Israel i Sjilo, for Herrens andlet, ved inngangen til teltheilagdomen. Så avslutta dei fordelinga av landet.

Currently Selected:

Josva 19: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy