Josva 15
15
Juda-landet
1 # 1 Mos 49,8ff; 4 Mos 34,3; 5 Mos 33,7 Ved loddkastinga fekk stammen til Juda, slekt for slekt, området fram til grensa til Edom ved Sin-øydemarka lengst i sør. 2Grensa i sør går ut frå enden av Saltsjøen, frå den vika som ligg lengst i sør, 3og held fram sør for Akrabbim-skardet over til Sin, og vidare oppover sør for Kadesj-Barnea, forbi Hesron opp til Addar. Der svingar ho bortover mot Karka, 4går forbi Asmon, når til Egyptarbekken og går ut til havet. Dette skal vera grensa mot sør.
5Grensa mot aust er Saltsjøen opp til munningen av Jordan.
Grensa mot nord går ut frå den vika av Saltsjøen som Jordan renn ut i, 6#18,17 og går til Bet-Hogla og nord for Bet-Haaraba opp til Bohan-steinen. Bohan var son til Ruben. 7Frå Akor-dalen går grensa vidare opp til Debir, svingar nordover til Gilgal, som ligg rett imot Adummim-stigninga sør for elvefaret, og går så til Sjemesj-kjelda og vidare ut til Rogel-kjelda. 8Derifrå går grensa opp gjennom Ben-Hinnom-dalen langs sørsida av Jebusitt-høgda, som er Jerusalem, opp til toppen av fjellet som ligg rett vest for Hinnom-dalen, ved nordenden av Refa'im-dalen. 9Frå fjelltoppen svingar grensa mot Neftoah-kjelda, held fram til byane ved Efron-berget og går så i ein boge til Baala, som er Kirjat-Jearim. 10Frå Baala vender grensa vestover til Se'ir-fjellet, går på nordsida av Jearim-fjellet, som er Kesalon, ned til Bet-Sjemesj og vidare til Timna. 11Så går grensa nordover til Ekron-høgda, svingar mot Sjikkeron, går forbi Baala-fjellet til Jabneel og endar ute ved havet.
12Grensa mot vest er Storhavet. Dette er grensene rundt området til etterkomarane av Juda, slekt for slekt.
Kaleb tek Hebron og Debir
13 # Jos 11,21f; 14,15; Dom 1,10–15 Josva gav Kaleb, son til Jefunne, ein del av landet som låg midt iblant etterkomarane av Juda, slik Herren hadde sagt Josva. Det var Kirjat-Arba, som var oppkalla etter stamfaren til anakittane, og som no heiter Hebron. 14#4 Mos 13,22 Kaleb tok landet til dei tre anakittane som kom derifrå: Sjesjai, Ahiman og Talmai, etterkomarane av Anak.
15Derifrå drog han ut mot innbyggjarane i Debir. Debir heitte før i tida Kirjat-Sefer. 16Kaleb sa: «Den som slår Kirjat-Sefer og tek byen, skal få Aksa, dotter mi, til kone.» 17#Dom 1,13 Otniel, son til Kenas, bror til Kaleb, tok byen, og Kaleb gav han Aksa, dotter si, til kone. 18Då ho kom, overtala ho han til å be far hennar om eit jordstykke. Ho steig av eselet, og Kaleb spurde henne: «Kva vil du?» 19Ho svara: «Gjev meg ei gåve! Ettersom du har gjeve meg dette ørkenlandet, må du òg gje meg kjelder med vatn!» Så gav han henne Øvrekjelda og Nedrekjelda.
Byane i Juda
20Dette er den eigedomen stammen til Juda fekk, slekt for slekt: 21byane ytst i området til Juda-stammen ved grensa mot Edom i sør; Kabseel, Eder, Jagur, 22Kina, Dimona, Adada, 23Kadesj, Hasor, Jitnan, 24Sif, Telem, Bealot, 25Hasor-Hadatta, Kerijot-Hesron, som no heiter Hasor, 26Amam, Sjema, Molada, 27Hasar-Gadda, Hesjmon, Bet-Pelet, 28Hasar-Sjual, Beer-Sjeba og byane deira, 29Baala, Ijjim, Esem, 30Eltolad, Kesil, Horma, 31Siklag, Madmanna, Sansanna, 32Lebaot, Sjilhim, Ajin og Rimmon, i alt tjueni byar med landsbyar.
33I låglandet: Esjtaol, Sora, Asjna, 34Sanoah, En-Gannim, Tappuah, Ha'enam, 35Jarmut, Adullam, Soko og Aseka, 36Sjaarajim, Aditajim, Haggedera og Gederotajim, fjorten byar med landsbyar. 37Senan, Hadasja og Migdal-Gad, 38Dilan, Mispe og Jokteel, 39Lakisj, Boskat og Eglon, 40Kabbon, Lahmas og Kitlisj, 41Gederot, Bet-Dagon, Naama og Makkeda, seksten byar med landsbyar. 42Libna, Eter og Asjan, 43Jiftah, Asjna og Nesib, 44Ke'ila, Aksib og Maresja, ni byar med landsbyar. 45Ekron med byar og landsbyar, 46alle byane og landsbyane frå Ekron og vestover mot Asjdod, 47#4 Mos 34,6 og så Asjdod og Gaza med byar og landsbyar, heilt til Egyptarbekken og Storhavet, som er grensa der.
48I fjellandet: Sjamir, Jattir og Soko, 49Danna og Kirjat-Sanna, som no heiter Debir, 50Anab, Esjtemo, Anim, 51Gosen, Holon og Gilo, elleve byar med landsbyar. 52Arab, Duma og Esjan, 53Janim, Bet-Tappuah og Afeka, 54Humta, Kirjat-Arba, det er Hebron, og Sior; ni byar med landsbyar. 55Maon, Karmel, Sif, Jutta, 56Jisreel, Jokdeam og Sanoah, 57Kajin, Gibea og Timna, ti byar med landsbyar. 58Halhul, Bet-Sur og Gedor, 59Maarat, Bet-Anot og Eltekon, seks byar med landsbyar. 60Kirjat-Baal, som er Kirjat-Jearim, og Rabba, to byar med landsbyar.
61I ørkenen: Bet-Haaraba, Middin og Sekaka, 62Hannibsjan, Ir-Hammelah og En-Gedi, seks byar med landsbyar.
63 # Dom 1,21; 2 Sam 5,6 Men Juda-stammen makta ikkje å ta landet til jebusittane, som budde i Jerusalem. Det bur jebusittar blant etterkomarane av Juda i Jerusalem den dag i dag.
Currently Selected:
Josva 15: N11NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).