YouVersion Logo
Search Icon

Job 4

4
Elifas: Eit skremmande syn
1Då tok Elifas frå Teman til ords og sa:
2Om ein vil tala til deg, orkar du det?
Men kven kan vel teia?
3 # Jes 35,3; Hebr 12,12 Sjølv har du rettleidd mange
og styrkt kraftlause hender.
4Dine ord reiste opp den som snubla.
Du gav kraft til skjelvande kne.
5 # Ordt 24,10 Men no, når det råkar deg, blir du motlaus.
Det treffer deg, og du blir lamslegen.
6 # 1,1.8; 2,3 Stolar du ikkje på di gudsfrykt?
Gjev ikkje den fromme livsvegen din håp?
7 # Sal 37,25; Ordt 12,21 Tenk etter! Når gjekk vel ein skuldfri til grunne,
kvar vart rettskafne utsletta?
8 # Ordt 11,18; 22,8; Hos 10,12f; Gal 6,7f Eg ser at dei som pløyer vondskap
og sår liding,
haustar det same.
9Når Gud pustar, går dei til grunne.
Når han fnyser, er dei borte.
10 # Sal 3,8; 58,7 Brølet frå løva, skriket frå hannløva
og tennene til ungløva er slegne ut.
11Rovdyret manglar bytte og døyr.
Løveflokken blir spreidd.
12 # 33,15 Eit ord kom smygande til meg.
Eg høyrde det kviskra
13i opprivande, nattlege syn
medan menneska sov djupt.
14Skrekken greip meg, og eg skalv.
Redsla gjekk gjennom merg og bein.
15Ein pust strauk forbi andletet mitt,
fekk håra på kroppen til å reisa seg.
16 # 1 Kong 19,11–13 Han stod der, men eg kjende han ikkje,
ein skapnad rett for auga mine.
Eg høyrde ei kviskrande røyst:
17 # 15,14ff; 25,4–6 Kan vel eit menneske vera rettferdig for Gud?
Kan ein mann vera rein for sin skapar?
18 # 4,18 tenarane, sendeboda gudesønene. Jf. 1,6f; 2,1f. Gud stolar ikkje eingong på tenarane sine,
han finn feil hos sendeboda,
19 # 1 Mos 2,7; 3,19; 18,27; Sal 90,3–7; Fork 12,7 # 4,19 dei som bur i leirhus menneska, skapte av jord. Jf. 1 Mos 2,7. og endå meir hos dei som bur i leirhus
og har jord til grunnvoll.
Dei blir lettare knuste enn møll.
20Frå morgon til kveld blir dei trakka ned.
Dei går til grunne for alltid
utan at nokon bryr seg om det.
21 # Jes 38,12 Teltsnora blir rykt opp.
Dei døyr, utan visdom.

Currently Selected:

Job 4: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy