Job 26
26
Job: Kven kan forstå Guds makt?
1Då tok Job til ords og sa:
2Ja, du er god hjelp for ein maktlaus mann,
ein reddande arm for den kraftlause!
3Kor du gjev råd til den som manglar visdom,
for ei innsikt du gjev han!
4 #
1 Kong 22,24
Kven lærte deg å tala?
Kven kjem han frå, den pusten som går ut frå deg?
5Daudingane skjelv,
vatnet der nede og dei som bur der.
6 #
Sal 139,8; Ordt 15,11 Nake ligg dødsriket for Gud,
avgrunnen er utan dekke.
7 #
1 Mos 1,2
Han har breidd nordhimmelen ut over aude rommet,
hengt jorda opp over ingenting.
8 #
1 Mos 1,7
Han bind vatnet i skyene,
men skylaget rivnar ikkje.
9 #
2 Mos 40,34; 3 Mos 16,2 Han løyner trona si,
breier skyer rundt henne.
10Rundt havet dreg han ei grense;
himmelranda skil lys frå mørker.
11 #
Sal 18,8
Himmelsøylene vaklar,
skremde av hans trugsmål.
12 #
9,13; Sal 74,13; 89,10; 104,6–9; Jes 51,9 # 26,12 Rahab >9,13. Med si kraft har han rørt havet opp,
med sin klokskap knust Rahab.
13 # 26,13 den flyktande slangen Leviatan. >3,8. Vinden hans blæs himmelen klår.
Handa hans sårar den flyktande slangen.
14Sjå, alt dette er berre randa av hans veg;
det er som å høyra ei kviskring.
Men når hans makt tornar, kven kan forstå det?
Currently Selected:
Job 26: NO2011NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.