Job 22
22
Elifas: Forlik deg med Gud
1Då tok Elifas frå Teman til ords og sa:
2Kan vel ein mann hjelpa Gud?
Nei, den kloke hjelper berre seg sjølv.
3 #
35,7
Har Den veldige glede av di rettferd?
Tener han på at du er heil i di ferd?
4Er det for gudsfrykta di han klagar deg
og stemner deg for retten?
5Er ikkje vondskapen din stor
og skulda utan ende?
6 #
2 Mos 22,26; 5 Mos 24,17; Job 24,7; Jes 58,7 Du tok pant frå brørne dine utan grunn,
drog av dei siste plagga deira.
7 #
Jes 21,14; Matt 25,42 Den utmatta nekta du vatn,
du heldt brød tilbake frå den svoltne.
8Den sterke eigde landet,
den fornemme fekk bu der.
9 #
24,3–11
Enkjer sende du tomhendte bort,
du knuste styrken til dei farlause.
10 #
18,9–21
Difor er snarer sette omkring deg,
brå redsle grip deg.
11Eller ser du ikkje mørkret,
vassflaumen som kjem over deg?
12 #
11,8; Fork 5,1; Jes 40,26f Er ikkje Gud høgt i himmelen?
Sjå dei øvste stjernene, kor langt oppe dei er!
13 #
Sal 10,11; 94,7; Jes 29,15; Jer 23,23f Du seier: «Kva veit vel Gud?
Kan han dømma gjennom tett skodde?
14 #
Sal 19,5–7
Skyer dekkjer så han ikkje ser
der han vandrar over himmelbogen.»
15 #
1 Mos 6,5–7; 7,17ff Vil du følgja den gamle stigen
som ugjerningsmenn gjekk,
16 #
22,11
dei som vart rivne for tidleg bort
då flaumen skylde vekk grunnvollen deira?
17 #
21,14–16
Dei hadde sagt til Gud: «Gå frå oss!
Kva gjer vel Den veldige for oss?»
18 #
21,7–12; Hos 2,8 Men han hadde fylt husa deira med alt godt.
Lat planane til urettferdige vera langt frå meg!
19 #
Sal 58,11; 68,1–3; 107,42 Dei rettferdige såg det og jubla,
dei uskuldige spotta:
20«Der forsvinn motstandarane våre,
og elden fortærer restane.»
21 #
Jes 27,5; 2 Kor 5,19–21 Forlik deg med han og slutt fred,
så får du alt godt tilbake.
22Ta imot rettleiing frå hans munn,
legg deg talen hans på hjartet.
23 #
5 Mos 30,2–10; Job 11,14f Vend attende til Den veldige,
så får du oppreising.
Hald urett borte frå teltet ditt!
24 #
Matt 6,19
# 22,24 Ofir var kjend for sitt særleg verdfulle gull. Jf. 1 Kong 9,28; Jes 13,12. Kast gullet ditt i støvet,
Ofir-gullet mellom steinar i bekken,
25 #
Sal 16,5; 119,57; 142,6; Klag 3,24 så skal Den veldige vera gull for deg,
ja, det finaste sølv.
26 #
Sal 37,4
Du har di glede i Den veldige.
Du lyfter andletet mot Gud.
27 #
Sal 50,14; Jes 65,24 Du bed til han, og han høyrer deg.
Du innfrir det du har lova.
28Det du set deg føre, skal lukkast.
Lys skal stråla over vegane dine.
29 #
Sal 18,28; Jes 57,15 Når det går nedover, skal du seia: «Opp!»
Han frelser dei som slår auga ned.
30 #
42,8; Jak 5,16 Han bergar jamvel den som ikkje er uskuldig;
ved dine reine hender blir han berga.
Currently Selected:
Job 22: NO2011NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.