YouVersion Logo
Search Icon

Job 2

2
Den andre prøva
1 # 1,6 Så ein dag kom gudesønene og steig fram for Herren. Blant dei kom også Klagaren. 2#1 Pet 5,8Herren sa til han: «Kvar kjem du frå?» Klagaren svara: «Eg har streifa omkring på jorda.» 3Herren sa: «Så la du vel merke til Job, tenaren min? På jorda finst ingen som han, ein from og rettskaffen mann som fryktar Gud og held seg borte frå alt vondt. Framleis står han fast i si gudsfrykt. Du har utfordra meg til å øydeleggja han utan grunn.» 4#2,4 Hud for hud truleg eit ordtak som tyder like for like.Men Klagaren svara: «Hud for hud! Ein mann gjev jo alt han eig, for livet sitt. 5#1,11Om du no retter ut handa og rører ved beina og kjøtet hans, så får vi sjå om han ikkje spottar deg rett opp i andletet.» 6Då sa Herren til Klagaren: «Sjå, han er i di makt, men spar livet hans!»
7Så gjekk Klagaren bort frå Herren og slo Job med vonde svullar frå hovud til hæl. 8#2,12Job tok eit potteskar og skrapa seg med det, der han sat i oska.
9 # 3 Mos 24,14ff Då sa kona hans til han: «Held du framleis fast på di gudsfrykt? Spott heller Gud og døy!» 10#1,11.22; Rom 8,28Men han svara: «Du talar som ei uvitug kvinne. Når vi tek imot det gode frå Gud, skulle vi då ikkje ta imot det vonde òg?» Gjennom alt dette kom ikkje ei synd over leppene til Job.
Job og dei tre venene
11 # 2,11 Teman område i Edom. Sjuah, Naama kanskje stader i Nordvest-Arabia. Då dei tre venene til Job fekk høyra om alt det vonde som hadde kome over han, kom dei til han, kvar frå sin heimstad: Elifas frå Teman, Bildad frå Sjuah og Sofar frå Naama. Dei møttest for å sørgja med han og for å trøysta han. 12#1,20; 2,8; Klag 2,10; Esek 27,30; Jona 3,6#2,12 reiv sund … hovudet teikn på sorg. Jf. 1 Sam 4,12. =sørgjeskikkar.Medan dei enno var eit stykke borte, fekk dei auge på han; men dei kjende han ikkje att. Dei brast i gråt, reiv sund kappene sine og kasta støv over hovudet. 13Så sat dei hos han på jorda i sju dagar og sju netter. Ingen sa eit ord til han, for dei såg at hans smerte var stor.

Currently Selected:

Job 2: NO2011NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in