Job 11
11
Sofar: Guds løynde visdom
1 #
2,11
Då tok Sofar frå Naama til ords og sa:
2Må ikkje ein slik ordflaum få svar
så ikkje pratmakeren får rett?
3Tomsnakket ditt får folk til å teia.
Du spottar utan skam.
4 #
Job 10,7
Du seier: «Min lærdom er rett.
Rein er eg i dine auge.»
5Berre Gud ville tala
og opna leppene mot deg!
6 #
Esra 9,13; Sal 103,10 Då ville han fortelja deg visdomens løyndomar
og gje deg dobbel innsikt:
Vit at Gud lèt di skuld bli gløymd.
7 #
Sal 139,7–10; Rom 11,33 Kan vel du måla Gud,
kan du kjenna Den veldiges grenser?
8 #
Ef 3,18f Høgare enn himmelen – kva kan du gjera?
Djupare enn dødsriket – kva veit vel du?
9Lengre enn jorda,
breiare enn havet.
10 #
9,12
Om han dreg fram, sperrar inne og kallar saman,
kven kan hindra han?
11Han kjenner løgnarane.
Kan han vel sjå urett utan å leggja merke til det?
12Kan ein tomskalle få forstand?
Kan eit villesel fødast som menneske?
13 # 11,13 brei hendene ut eit uttrykk for bøn. Om ditt hjarte er fast,
så brei hendene ut mot han.
14Om det er urett i di hand,
så vis uretten bort;
lat ikkje vondskap bu i dine telt.
15 #
10,15f Då kan du skuldfri lyfta hovudet,
heilstøypt og utan frykt.
16For du skal gløyma lidinga,
minnast henne som vatn som rann forbi.
17 #
Sal 139,11f; Jes 58,10 Då står livet høgare enn middagssola.
Mørkret blir som ein morgon.
18Du er tillitsfull, for det er håp.
Du er verna og kan trygt leggja deg.
19 #
3 Mos 26,6; Sal 4,9 Ingen skremmer deg når du går til ro.
Mange vil søkja din gunst.
20 #
8,13
Men auga til dei lovlause sloknar.
Dei er ikkje i stand til å flykta,
deira einaste håp er å få anda ut.
Currently Selected:
Job 11: NO2011NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.