YouVersion Logo
Search Icon

Jesaja 64

64
1Ville du berre flerra himmelen
og stiga ned
så fjella dirra for deg,
som når elden fatar i kvistene,
som når elden får vatnet til å koka,
for å læra dine motstandarar å kjenna ditt namn!
Folkeslag skulle skjelva for ditt andlet
2 # 2 Mos 19,18ff når du gjorde skremmande gjerningar vi ikkje venta,
og steig ned så fjella dirra for deg.
3 # 1 Kor 2,9 Aldri har nokon høyrt eller lytta til,
aldri har noko auge sett
nokon annan gud enn deg
som kan gjera slikt
for dei som ventar på han.
4Du møter den som er glad og gjer rett,
dei som hugsar deg og går dine vegar.
Sjå, du vart harm når vi synda i gamle dagar,
men vi vart frelste.
5 # Esek 36,17 Alle vart vi som ureine,
all vår rettferd som ureint tøy.
Vi visna alle som lauv,
vår skuld tek oss bort som ein vind.
6Det er ingen som kallar på ditt namn,
som vaknar opp
og held fast ved deg.
For du har løynt andletet for oss
og gjeve oss over til vår skuld.
7 # 63,16; Jer 18,6; Mal 2,10; Rom 9,20f Men no, Herre, er du vår far!
Vi er leira, du han som formar oss,
alle er vi verk av di hand.
8 # Sal 25,7 Herre, ver ikkje harm,
hugs ikkje vår skuld for alltid!
Sjå no hit, alle er vi ditt folk!
9 # Sal 79,1 Dine heilage byar har vorte til ørken,
Sion har vorte ein ørken
og Jerusalem ei øydemark.
10 # 2 Kong 25,9; 2 Krøn 36,19; Sal 74,7 Vårt heilage og herlege tempel,
der fedrane våre lova deg,
har elden svidd av.
Alt vi var glade i, er lagt i ruinar.
11Kan du tola dette, Herre,
teia og audmjuka oss så djupt?

Currently Selected:

Jesaja 64: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy