YouVersion Logo
Search Icon

Jesaja 57

57
Israel er eit trulaust folk
1 # 2 Kong 22,20 Den rettferdige går til grunne,
og ingen bryr seg om det.
Dei trufaste blir rivne bort
utan at nokon merkar det.
Av vondskap er den rettferdige riven bort.
2Han går inn med fred.
Dei kviler der dei ligg.
Han gjekk den rette vegen.
3 # Jer 5,7; Hos 7,4 Men kom hit, de søner
av ei kvinne som tyder teikn,
de avkom av ein ekteskapsbrytar og ei hore!
4Kven har de moro med?
Kven geipar de til
og rekkjer tunge mot?
Sanneleg, de er born av synd,
avkom av løgn!
5 # 3 Mos 18,21; 5 Mos 12,2; 1 Kong 14,23; Jer 2,20; Esek 16,20ff; 23,39 # 57,5 mellom eiketrea >1,29. i elveleia Det var særleg i Hinnom-dalen dei ofra born. Jf. Jer 7,31. >2 Kong 23,10. De brenn av lyst mellom eiketrea,
under kvart frodig tre,
de slaktar born i elveleia,
nede i fjellkløftene.
6Dei glatte steinane i elveleiet er din del,
dei er din lut.
For dei auser du ut drikkoffer
og ofrar grødeoffer.
Skulle eg finna meg i det?
7 # 65,7; Hos 4,12ff På eit høgt og stort fjell
gjorde du i stand ei lege.
Der gjekk du opp
for å ofra slaktoffer.
8Bak dør og dørkarm sette du ditt merke.
Du gjekk bort frå meg, du kledde av deg,
du la deg ned og gjorde plass.
Du gjorde avtale med dei
som du elskar å liggja med,
du såg dei nakne.
9 # 3 Mos 18,21; Hos 12,2 Du drog til Melek med olje
og hadde mykje salve med deg.
Du sende bodberarar langt av stad,
lét dei gå ned i dødsriket.
10Du vart sliten av den lange vegen,
men du sa ikkje: «Det er fåfengt.»
Hendene dine søkte nye krefter,
difor vart du ikkje sjuk.
11 # Sal 50,21; Jes 42,14 Kven er det du fryktar og er redd,
sidan du lever i løgn?
Meg hugsar du ikkje
og bryr deg ikkje om.
Nei, eg tagde i lange tider,
så meg var du ikkje redd.
12Eg vil fortelja om di rettferd
og om dine gjerningar.
Dei kan ikkje hjelpa deg.
13 # Sal 2,12; 15,1ff; 84,13; Jes 56,7; 60,21 Samlinga di av gudar
får berga deg når du ropar.
Vinden lyfter dei, alle saman,
eit vindpust tek dei med seg.
Men dei som tek si tilflukt til meg,
skal arva landet
og ta mitt heilage fjell i eige.
Den som er knust og nedbøygd i ånda
14 # 40,3; 42,16; 62,10 Han seier:
Bygg, bygg, rydd veg!
Ta bort kvar snublestein
frå vegen til folket mitt!
15 # Sal 34,19+; 92,9+; 113,5ff+; 147,3 Så seier han som er høg og opphøgd,
han som tronar evig,
Den heilage er hans namn:
I det høge og heilage bur eg
og hos den som er knust og nedbøygd i ånda.
Eg vil gje ånda liv hos dei som er bøygde ned,
gje hjartet liv hos dei som er knuste.
16 # Sal 78,38f; 103,9; Mi 7,18 For eg fører ikkje sak til evig tid
og er ikkje harm for alltid.
Då ville ånda bli kraftlaus for mitt andlet,
livspusten som eg har laga.
17 # 54,8; 59,2; Mi 3,4 Fordi han var skuldig og grådig,
vart eg harm og slo han.
Eg løynde meg i vreide.
Men han vende seg bort
og gjekk ein veg etter eige hjarte.
18Eg såg dei vegar han gjekk.
No vil eg lækja han og leia han
og gje han trøyst.
Hos dei som sørgjer,
19 # 52,7; Ef 2,17; Hebr 13,15 skaper eg ny frukt på leppene:
Fred,
fred til den som er nær
og til den som er langt borte,
seier Herren.
Eg vil lækja han.
20 # Jes 17,12f; Jud 13 Men dei urettferdige er som det opprørte havet,
for det kan ikkje falla til ro,
og bølgjene rører opp mudder og gjørme.
21 # 48,22+ Det finst ingen fred, seier min Gud,
for dei urettferdige.

Currently Selected:

Jesaja 57: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in