Jesaja 4
4
1Den dagen skal sju kvinner
gripa tak i same mann og seia:
«Brød og klede skal vi skaffa oss sjølve,
berre vi får bera ditt namn.
Ta vår vanære bort!»
Sions framtid
2 # 4,2 Herrens spire nemning for den rettferdige kongen (Messias) som skal frelsa Israel. Jf. 11,1; Jer 23,5; 33,15; Sak 3,8; 6,12. Den dagen skal Herrens spire
bli til herlegdom og ære
og frukta i landet til stordom og heider
for dei som slapp unna i Israel.
3 #
2 Mos 32,32f; Sal 69,29; Jes 6,13; Dan 12,1 Resten som er på Sion,
og som er att i Jerusalem,
skal kallast heilag,
kvar og ein i Jerusalem som er oppskriven til livet.
4 #
1,25
Herren skal vaska skiten av Sions døtrer
og skylja bort alt blodet frå Jerusalem
med Anden som dømmer,
med Anden som reinsar.
5 #
2 Mos 13,21; Sal 78,14; 105,39; Sak 2,9 # 4,5 røyksky … eld >2 Mos 13,21. Så skal Herren skapa
ei røyksky om dagen
og røyk og lys frå ein flammande eld om natta
over heile Sion-fjellet
og over møtestadene der.
For over all herlegdom skal det vera eit vern,
6 #
25,4
ei lauvhytte som skyggjer for heten om dagen
og gjev livd og skjul mot uvêr og regn.
Currently Selected:
Jesaja 4: NO2011NN
Highlight
Share
Copy
![None](/_next/image?url=https%3A%2F%2Fimageproxy.youversionapi.com%2F58%2Fhttps%3A%2F%2Fweb-assets.youversion.com%2Fapp-icons%2Fen.png&w=128&q=75)
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.