YouVersion Logo
Search Icon

Hosea 4

4
Herrens klagemål mot eit trulaust folk
1 # Jes 1,18; 3,13f; Mi 6,1ff # 4,1 fører sak Profetane nytta ofte bilete frå rettsstellet. Jf. Jes 3,13ff; Mi 6,1ff. kjennskap til Gud eit hovudomgrep hos Hosea. Jf. 4,6; 5,4; 6,3.6. Kjennskap til Gud ber i seg samfunn med han og ei livsføring etter hans vilje. Høyr Herrens ord, de Israels born!
Herren fører sak mot dei som bur i landet.
For det er ingen truskap og ingen kjærleik
og ingen kjennskap til Gud i landet.
2Forbanning og løgn og drap og tjuveri
og ekteskapsbrot breier om seg,
med blod følgjer meir blod.
3Difor skal landet sørgja,
og kvar den som bur der, skal tørka bort
saman med dyra på marka og fuglane under himmelen,
sjølv fiskane i havet skal utryddast.
4 # 4 Mos 16,3; 5 Mos 17,12 Men ingen må føra sak eller gå i rette med nokon.
Folket ditt liknar slike som fører sak mot ein prest.
5Du skal snubla om dagen,
og sjølv profeten skal snubla
saman med deg om natta,
og mor di gjer eg ende på.
6 # 1 Sam 15,26 # 4,6 kunnskap Det same hebr. ordet er i 4,1 omsett «kjennskap». Folket mitt skal gå til grunne
av mangel på kunnskap.
Sidan du har vraka kunnskapen,
vrakar eg deg som min prest.
Du gløymde din Guds lov,
difor gløymer eg òg dine born.
7Jo fleire dei vart,
dess meir synda dei mot meg,
deira ære skal eg byta ut med skam.
8 # 4,8 synd Ordet blir òg nytta i tydinga «syndoffer». Jf. 3 Mos 4. Dei lever av mitt folks synd
og lengtar etter deira skuld.
9 # Jes 24,2 Difor skal det gå med presten som med folket,
eg vil straffa han for hans ferd
og gjengjelda det han har gjort.
10 # 3 Mos 26,26; Mi 6,14 Dei skal eta og ikkje bli mette,
hora og ikkje bli mange.
Herren har dei forlate
for å gje seg over til 11hor,
gammal og ny vin
tek over hjartet.
12 # 5,4 # 4,12 tre Asjera-påle. Folket mitt spør sitt tre til råds
og får svar av sin stokk.
For ei horeånd har ført dei vill,
dei har hora seg bort frå sin Gud.
13 # Jes 57,5.7+ På fjelltoppane ofrar dei,
på haugane tenner dei offereld
under eiker, poplar og terebinter,
for skuggen av dei er god.
Difor driv døtrene dykkar hor,
og svigerdøtrene bryt ekteskapet.
14Eg vil ikkje straffa døtrene dykkar
fordi dei driv hor,
eller svigerdøtrene fordi dei bryt ekteskapet,
for mennene går avsides med horer
og ofrar saman med tempelprostituerte kvinner.
Eit folk utan innsikt vil falla.
15 # 9,15; 10,5.15; Am 5,5; Sef 1,5 # 4,15 Bet-Aven >Jos 7,2. Sjølv om du driv hor, Israel,
må ikkje Juda føra skuld over seg!
Gå ikkje til Gilgal,
dra ikkje opp til Bet-Aven
og sver ikkje: «Så sant Herren lever!»
16For Israel er trassig
som ei trassig ku.
No skal Herren gjeta dei
som lam i ope lende.
17 # 4,17 Efraim >Jes 7,2. Efraim er bunden til gudebilete,
lat han vera!
18 # 4,18 Tydinga av den hebr. teksten er usikker. Når drikkinga deira er over,
horar dei vidare.
Dei elskar vilt.
Skam er skjolda hennar.
19Ein vind skal gripa henne med sine venger,
dei skal bli til skamme med sine offer.

Currently Selected:

Hosea 4: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in