YouVersion Logo
Search Icon

Hosea 14

14
1 # 2 Kong 8,12; 15,16; Hos 10,14; Am 1,13 Samaria skal bøta
fordi ho var trassig mot sin Gud.
Dei skal falla for sverd,
småborna deira skal knusast,
og kvinnene som ventar barn,
skal skjerast opp.
Eg vil lækja deira fråfall
2 # 12,7+; Sak 1,4 Vend om, Israel, til Herren din Gud,
for du har snubla i di skuld.
3 # Sal 119,108+; Hebr 13,15 Ta ord med dykk
og vend om til Herren,
sei til han:
«Tilgjev all skuld
og ta imot det gode,
så vil vi betala med
frukta av leppene våre.
4 # Sal 10,14.18+; Jes 30,16; Hos 1,6; 2,1 Assur vil ikkje hjelpa oss,
vi skal ikkje ri på hestar,
og vi vil ikkje lenger seia: Vår gud!
til det våre hender har gjort.
Hos deg finn den farlause miskunn.»
5 # 6,1+ Eg vil lækja deira fråfall,
og eg vil elska dei av hjartet,
for min vreide har vendt seg frå dei.
6Eg vil vera som dogg for Israel.
Han skal bløma som ei lilje
og røta seg som trea på Libanon
7 # Sal 80,10ff; Jes 35,1f og breia greinene sine utover.
Han skal vera fager som oliventreet
og anga som skogen på Libanon.
8Igjen skal dei bu i hans skugge,
dei skal dyrka korn
og bløma som vinstokken.
Hans namn skal bli som vinen frå Libanon.
9Kva har vel Efraim med gudebilete å gjera?
Det er eg som svarar han og ser til han.
Eg er som ein grøn sypress,
frå meg skal frukta di koma.
10 # Sal 107,43; Ordt 10,29; Jer 9,12 Kven er så vis at han forstår dette,
forstandig nok til å skjøna det?
Ja, Herrens vegar er rette,
dei rettferdige vandrar på dei,
men syndarane snublar.

Currently Selected:

Hosea 14: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in