YouVersion Logo
Search Icon

Ester 7

7
Hamans fall
1Kongen og Haman kom til festen hos dronning Ester. 2#5,6 Også den andre dagen sa kongen til Ester medan dei sat og drakk vin: «Er det noko du vil be om, dronning Ester, så skal det bli gjeve deg. Har du eit ønske, om det så er halve riket, skal det bli oppfylt.» 3Då svara dronning Ester: «Dersom kongen ser på meg med velvilje, og om han finn det for godt, så gjev meg mitt eige liv, det er mi bøn, og mitt eige folk, det er mitt ønske. 4For eg og mitt folk er selde til utrydding, drap og undergang. Om vi berre var selde som slavar og slavekvinner, ville eg teia. For slik ei ulukke hadde ikkje vore noko å bry kongen med.»
5Då sa kong Xerxes til dronning Ester: «Kven er han, og kvar er han som har hjartet fullt av slike planar?» 6Ester svara: «Motstandaren og fienden er denne vonde Haman.» Haman dirra av skrekk framfor kongen og dronninga. 7Kongen reiste seg i sinne. Han gjekk frå drikkelaget og ut i slottshagen. Men Haman vart ståande framfor dronning Ester. Han ville be for livet sitt, for han skjøna at kongen hadde sett seg føre å gjera han vondt.
8 # 7,8 dekte dei andletet Det var vanleg å gjera slik med ein mann som var dødsdømd. Då kongen kom attende frå slottshagen til huset der drikkelaget var, låg Haman over benken som Ester sat på. Kongen ropa: «Vil han jamvel gjera vald mot dronninga, og det her i mitt eige hus?» Ikkje før var desse orda komne ut av kongens munn, så dekte dei andletet til Haman. 9#2,22; 5,14 Då sa Harbona, ein av kongens evnukkar: «Sjå, Haman har sett opp ein påle for Mordekai, han som ein gong berga kongen gjennom det han fortalde. Pålen står ved Haman sitt hus og er femti alner høg.» Kongen sa: «Heng han i den!» 10Så hengde dei Haman i pålen som han sjølv hadde reist for Mordekai, og sinnet rann av kongen.

Currently Selected:

Ester 7: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in