Amos 6
6
Ve dei sorglause på Sion
1 #
5 Mos 33,29; 2 Sam 7,23; Jes 28,1ff Ve dei sorglause på Sion
og dei trygge på Samarias fjell,
dei gjævaste av det fremste folkeslaget,
dei som Israels hus vender seg til.
2 # 6,2 Kalne, Hamat-Rabba >Jes 10,9. Far til Kalne og sjå,
gå derifrå til Hamat-Rabba
og far ned til Gat i Filistarland!
Er de betre enn desse rika?
Har dei eit større område enn de?
3 #
9,10
De vil jaga ulukkedagen bort,
men set vald i høgsetet.
4 #
3,12.15 Dei ligg på elfenbeinsbenker
og strekkjer seg på divanar,
dei et lam frå saueflokken
og gjøkalvar frå buskapen.
5 #
Jes 5,12
Dei skrålar til harpespel
som var dei David,
og reknar instrumenta hans som sine.
6 # 6,6 Josef >5,6. Dei drikk vin av offerskåler
og salvar seg med den finaste olje,
men lid ikkje under Josefs samanbrot.
7 # 6,7 festsamlingane Det hebr. ordet er kanskje ei nemning for ei lukka foreining som kunne møtast til ulike typar samvær. Jf. Jer 16,5. Difor skal dei no drivast i eksil,
fremst mellom dei bortførte.
Då blir det slutt på festsamlingane
der dei ligg og dreg seg.
Gud straffar Samaria
8 #
8,7; Hebr 6,13 Herren Gud har svore ved seg sjølv,
seier Herren, allhærs Gud:
Eg avskyr Jakobs byrgskap
og hatar borgene der.
Eg utleverer byen og alt som er i han.
9Er det ti overlevande i eit hus, skal dei døy.
10Når ein ven eller slektning ber knoklane ut or huset,
spør han den som er inst i huset:
«Er det fleire att hos deg?»
Og han svarar: «Nei, ingen.»
Då seier han: «Hysj!»
for Herrens namn må ikkje nemnast.
11Sjå, Herren byd,
og han slår det store huset i knas
og det vesle huset i bitar.
12 #
5,7+ Spring vel hestar opp bratte fjellet,
pløyer ein det med oksar?
Men de gjer retten om til gift
og rettferds frukt til malurt.
13 # 6,13 Lo-Dabar, Karnajim byar i Austjordanlandet, som Israel hadde teke att frå aramearane. Det blir òg forma ordspel av tydinga til namna: «ingenting» og «horn» (styrke). De gleder dykk over Lo-Dabar og seier:
«Sanneleg. Det var med eiga kraft vi tok Karnajim.»
14 #
2 Kong 14,25
# 6,14 Lebo-Hamat >4 Mos 13,21. Araba-bekken i eit dalføre nær nordenden av Daudehavet. Sjå, no reiser eg eit folk
mot deg, Israels hus,
seier Herren, allhærs Gud.
Dei skal undertrykkja dykk
frå Lebo-Hamat til Araba-bekken.
Currently Selected:
Amos 6: NO2011NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.