YouVersion Logo
Search Icon

Amos 6

6
Ve dei sorglause på Sion
1 # 5 Mos 33,29; 2 Sam 7,23; Jes 28,1ff Ve dei sorglause på Sion
og dei trygge på Samarias fjell,
dei gjævaste av det fremste folkeslaget,
dei som Israels hus vender seg til.
2 # 6,2 Kalne, Hamat-Rabba >Jes 10,9. Far til Kalne og sjå,
gå derifrå til Hamat-Rabba
og far ned til Gat i Filistarland!
Er de betre enn desse rika?
Har dei eit større område enn de?
3 # 9,10 De vil jaga ulukkedagen bort,
men set vald i høgsetet.
4 # 3,12.15 Dei ligg på elfenbeinsbenker
og strekkjer seg på divanar,
dei et lam frå saueflokken
og gjøkalvar frå buskapen.
5 # Jes 5,12 Dei skrålar til harpespel
som var dei David,
og reknar instrumenta hans som sine.
6 # 6,6 Josef >5,6. Dei drikk vin av offerskåler
og salvar seg med den finaste olje,
men lid ikkje under Josefs samanbrot.
7 # 6,7 festsamlingane Det hebr. ordet er kanskje ei nemning for ei lukka foreining som kunne møtast til ulike typar samvær. Jf. Jer 16,5. Difor skal dei no drivast i eksil,
fremst mellom dei bortførte.
Då blir det slutt på festsamlingane
der dei ligg og dreg seg.
Gud straffar Samaria
8 # 8,7; Hebr 6,13 Herren Gud har svore ved seg sjølv,
seier Herren, allhærs Gud:
Eg avskyr Jakobs byrgskap
og hatar borgene der.
Eg utleverer byen og alt som er i han.
9Er det ti overlevande i eit hus, skal dei døy.
10Når ein ven eller slektning ber knoklane ut or huset,
spør han den som er inst i huset:
«Er det fleire att hos deg?»
Og han svarar: «Nei, ingen.»
Då seier han: «Hysj!»
for Herrens namn må ikkje nemnast.
11Sjå, Herren byd,
og han slår det store huset i knas
og det vesle huset i bitar.
12 # 5,7+ Spring vel hestar opp bratte fjellet,
pløyer ein det med oksar?
Men de gjer retten om til gift
og rettferds frukt til malurt.
13 # 6,13 Lo-Dabar, Karnajim byar i Austjordanlandet, som Israel hadde teke att frå aramearane. Det blir òg forma ordspel av tydinga til namna: «ingenting» og «horn» (styrke). De gleder dykk over Lo-Dabar og seier:
«Sanneleg. Det var med eiga kraft vi tok Karnajim.»
14 # 2 Kong 14,25 # 6,14 Lebo-Hamat >4 Mos 13,21. Araba-bekken i eit dalføre nær nordenden av Daudehavet. Sjå, no reiser eg eit folk
mot deg, Israels hus,
seier Herren, allhærs Gud.
Dei skal undertrykkja dykk
frå Lebo-Hamat til Araba-bekken.

Currently Selected:

Amos 6: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy