Apostelgjerningane 3
3
Peter lækjer og forkynner
1 #
10,3.9.30 # 3,1 ettermiddagsbøna «bøna ved den niande timen», ca. kl. 15. =tidsrekning. Peter og Johannes gjekk ein dag opp til tempelet, til ettermiddagsbøna ved den niande timen. 2#14,8ff#3,2 tempelporten … Den fagre fører frå tempelplassen inn til føregarden for kvinnene. gåver Gåver til dei fattige hadde ein viktig plass i jødisk gudsdyrking. Jf. Matt 6,2.Då kom det nokre berande på ein mann som hadde vore lam heilt frå mors liv. Kvar dag sette dei han ned ved den tempelporten som heiter Den fagre, så han kunne tigga om gåver frå dei som gjekk inn på tempelplassen. 3Då han fekk auge på Peter og Johannes som var på veg inn, bad han dei òg om ei gåve. 4Dei såg fast på han, og Peter sa: «Sjå på oss!» 5Han så gjorde, for han venta å få noko av dei. 6#Matt 9,6f; Joh 5,8; Apg 9,34; 14,10#3,6 nasarearen Jf. Matt 2,23; Apg 24,5.Men Peter sa: «Sølv og gull eig eg ikkje, men det eg har, det gjev eg deg. I namnet til Jesus Kristus, nasarearen: Stå opp og gå!» 7Så tok han mannen i høgre handa og reiste han opp. Og straks fekk han styrke i føtene og anklane. 8Han sprang opp, stod på føtene og tok til å gå omkring. Så følgde han dei inn på tempelplassen, snart gjekk han, og snart sprang han, alt medan han song og lova Gud. 9Alt folket såg korleis han gjekk omkring og lovprisa Gud. 10#Joh 9,8Og dei kjende han att: Det var han som brukte å sitja ved Fagerporten og tigga om gåver. Dei vart ute av seg og fylte av ærefrykt over det som hadde hendt med han.
11 #
Joh 10,23; Apg 5,12 # 3,11 Salomos søylehall den austre søylegangen på tempelplassen. =Guds bustad. Mannen heldt seg nær til Peter og Johannes, og alt folket flokka seg omkring dei i Salomos søylehall, fulle av undring. 12Då Peter såg det, tok han til å tala til folket:
«Israelittar! Kvifor undrast de over dette? Kvifor stirer de på oss som om det var vår eiga kraft eller gudsfrykt som gjorde at denne mannen kan gå? 13#2 Mos 3,6; Jes 52,13ff; Joh 18,38; 19,12Nei, Abrahams og Isaks og Jakobs Gud, våre fedrars Gud, har herleggjort tenaren sin, Jesus. De utleverte han og fornekta han for Pilatus, som hadde sett seg føre å gje han fri. 14#Luk 23,18De fornekta Den heilage og rettferdige og bad om å få ein mordar frigjeven. 15#Apg 1,8+; Hebr 2,10Men opphavsmannen til livet drap de, han som Gud vekte opp frå dei døde; det er vi vitne om. 16#Matt 9,22; Mark 5,34; 10,52; Luk 7,50; 8,48; 17,19; Apg 16,31Ved trua på Jesu namn har dette hendt, for det namnet har styrkt denne mannen som de både ser og kjenner. Den tru vi får gjennom dette namnet, gjorde mannen heil og frisk, som de alle kan sjå. 17#13,27; 1 Kor 2,8Eg veit nok, brør, at de gjorde dette fordi de var uvitande, slik rådsherrane dykkar er. 18#Luk 24,44Men slik oppfylte Gud det han på førehand hadde forkynt gjennom alle profetane, at hans Messias skulle lida. 19#2,38+Angra difor og vend om, så syndene dykkar kan strykast ut. 20Då skal det koma tider med lindring frå Herren, og han skal senda den Messias som er bestemt for dykk, Jesus. 21Han må vera i himmelen til den tid kjem då alt det skal gjenreisast som Gud har tala om frå eldgamle dagar ved munnen til sine heilage profetar. 22#5 Mos 18,15; Luk 9,35Moses har sagt: ‘Herren Gud skal reisa opp ein profet som meg mellom dykk, ein av dykkar eigne brør. Han skal de høyra på i alt det han seier dykk. 23#3 Mos 23,29; 5 Mos 18,19Kvar og ein som ikkje høyrer på den profeten, skal ryddast ut frå folket.’ 24#Luk 24,27Ja, alle profetane som har tala, heilt frå Samuel, har forkynt det som hender i desse dagar. 25#1 Mos 12,3; 22,18; Gal 3,8De er born av profetane, og for dykk gjeld den pakta som Gud gjorde med fedrane dykkar då han sa til Abraham: ‘I di ætt skal alle slekter på jorda velsignast.’ 26#Matt 15,24; Apg 13,46; Rom 1,16Det var for dykk at Gud først lét tenaren sin stå fram, og han sende han for å velsigna dykk når kvar og ein vender om frå vondskapen sin.»
Currently Selected:
Apostelgjerningane 3: NO2011NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.