YouVersion Logo
Search Icon

Apostelgjerningane 24

24
Saka mot Paulus
1 # 23,2; 25,2 Fem dagar etter kom øvstepresten Ananias dit saman med nokre av dei eldste og ein sakførar som heitte Tertullus. Dei skulle leggja skuldinga mot Paulus fram for landshovdingen. 2Paulus vart henta, og Tertullus tok til med skuldinga:
«Takka vere deg, vørde Feliks, er det ro og fred alle stader, og dette folket har fått betre kår på grunn av ditt kloke styre. 3I djup takksemd tek vi imot dette, alltid og alle stader. 4Men for å ikkje hefta deg lenge bed eg om at du, velvillig som du er, vil høyra på oss ei lita stund. 5#17,6; 28,22#24,5 nasarearsekta dei kristne.Det har vist seg at denne mannen er ein rein pest. Han skaper uro mellom alle jødar i heile verda og er førar for nasarearsekta. 6#21,28ff#24,6–8 Siste delen av v. 6, heile v. 7 og første delen av v. 8 manglar i dei eldste handskriftene.Han har til og med freista å vanhelga tempelet, og det var der vi greip han. °Vi ville dømma han etter lova vår, 7men då kom kommandanten Lysias til, tok han med vald og makt ut av hendene våre og førte han bort. 8Dei som klaga på han, fekk høyra at dei skulle gå til deg.• No kan du sjølv forhøyra han om alt dette, så får du greie på kva det er vi klagar han for.» 9Jødane støtta han og sa at såleis var det.
Forsvarstalen til Paulus
10Då gav landshovdingen eit teikn til Paulus, som tok ordet og sa:
«Eg veit at du har vore dommar for dette folket i mange år. Difor er det med frimod eg forsvarar meg. 11#21,17Du kan lett få stadfest at det ikkje er meir enn tolv dagar sidan eg reiste opp til Jerusalem for å tilbe. 12Og ingen har sett meg diskutera med nokon eller eggja opp folk, verken i tempelet eller i synagogane eller nokon annan stad i byen. 13Dei kan heller ikkje prova det dei no klagar meg for. 14#24,5Men det vedgår eg: Eg dyrkar våre fedrars Gud gjennom å følgja Vegen, som dei kallar ei sektlære. For eg trur alt det som er skrive i lova og profetane, 15#Dan 12,2; Matt 25,46; Joh 5,29; 2 Kor 5,10og eg har den same von til Gud som desse har: at rettferdige og urettferdige ein gong skal stå opp frå dei døde. 16#23,1Difor legg eg vinn på alltid å ha eit reint samvit for Gud og menneske. 17#Rom 15,25f; 1 Kor 16,1; 2 Kor 8–9; Gal 2,10#24,17 ei gåve til dei fattige >3,2.Etter mange år kom eg for å gje ei gåve til dei fattige i folket mitt og for å ofra. 18#21,27Då var det dei fann meg i tempelet, der eg hadde late meg reinsa. Eg samla ikkje folk om meg og laga ikkje uro. 19Men nokre jødar frå Asia såg meg, og det var dei som burde ha møtt fram for deg og kome med skuldingar, om dei hadde hatt nokon. 20Eller så bør dei som står her, sjølve seia kva dei fann meg skuldig i då eg stod for Rådet. 21#23,6Det kan vel ikkje berre vera for det eine ordet eg ropa ut då eg stod framfor dei: ‘Det er for oppstoda frå dei døde eg står for retten her i dag.’»
Saka blir utsett
22 # 24,22 Vegen >9,2. Feliks hadde god kjennskap til Vegen. Han utsette saka og sa: «Når kommandanten Lysias kjem, skal eg ta saka opp til doms.» 23#27,3; 28,16.30Så gav han offiseren påbod om at Paulus skulle haldast i mild varetekt, og at ingen av hans eigne måtte hindrast i å vera han til hjelp.
24 # 24,24 Drusilla dotter til Herodes Agrippa, syster til Berenike og Agrippa 2. >25,13. =Herodes-slekta. Nokre dagar seinare kom Feliks, i lag med Drusilla, kona si, som var jøde. Han sende bod etter Paulus og høyrde på medan han tala om trua på Jesus Kristus. 25Men då han tala om rettferd og sjølvdisiplin og om dommen som skal koma, vart Feliks skremd og sa: «Det er nok for i dag. Gå no! Når eg får tid, skal eg kalla deg hit att.» 26Feliks gjorde seg òg håp om å få pengar av Paulus. Difor sende han gong på gong bod etter han og samtala med han.
27 # 25,9 # 24,27 Porkius Festus landshovding ca. 60–62 e.Kr. Så gjekk det to år, og Feliks fekk Porkius Festus til ettermann. Men Feliks ville gjerne vinna velvilje hos jødane og lét Paulus sitja i fengsel.

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in