2. Tessalonikar 1
1
Helsing
1 #
1 Tess 1,1
# 1,1 Silvanus og Timoteus =Paulus' medarbeidarar. Tessalonika hamneby og hovudstad i den romerske provinsen Makedonia. =byar. Paulus, Silvanus og Timoteus helsar forsamlinga i Tessalonika, i Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus. 2#Rom 1,7Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!
Dommen når Herren kjem att
3 #
1 Tess 1,2; 2 Tess 2,13 Vi må alltid takka Gud for dykk, sysken, som rett er. For trua dykkar veks seg stadig rikare, og kjærleiken de har til kvarandre, blir større hos kvar og ein av dykk. 4#1 Tess 2,19fNår vi fortel om dykk i Guds forsamlingar, kan vi difor vera stolte over det tolmod og den tru de viser i alle dei forfølgingar og trengsler de må tola. 5#Rom 2,5ff; Fil 1,28Dette er eit varsel om Guds rettferdige dom, då de skal finnast verdige til Guds rike, som de no lid for. 6For det er rettferdig i Guds auge at dei som fører trengsler over dykk, skal han gje trengsler att; 7#1 Kor 1,7+; 1 Tess 3,13; 4,16og dykk som lid trengsler, skal han gje lindring saman med oss når Herren Jesus openberrar seg frå himmelen. Han kjem med sine mektige englar 8#Jes 66,15; Rom 2,8; 1 Pet 4,17#1,8 evangelium «gledeleg bodskap, godt nytt». Paulus bruker ofte denne nemninga om misjonsforkynninga si. Ordet kan både visa til forkynninga og til innhaldet i bodskapen.i logande eld og straffar dei som ikkje kjenner Gud, og dei som ikkje er lydige mot vår Herre Jesu evangelium. 9#Jes 2,19.21Straffa dei skal lida, blir ei evig fortaping borte frå Herrens andlet og borte frå hans herlegdom og makt, 10#Kol 3,4den dagen han kjem og skal lovprisast mellom sine heilage og tilbedast av alle som trur. Og de har trudd det vitnemålet vi bar fram.
11Difor bed vi alltid for dykk at vår Gud må gjera dykk verdige til det kallet de har fått, og fylla dykk heilt med vilje til det gode og med ei tru som med kraft viser seg i gjerning. 12#Mal 1,11; Joh 17,10.22#1,12 vår Guds og Herren Jesu Kristi nåde kan òg omsetjast «nåden frå vår Gud og Herre, Jesus Kristus».Då skal vår Herre Jesu namn bli herleggjort i dykk, og de i han, ved vår Guds og Herren Jesu Kristi nåde.
Currently Selected:
2. Tessalonikar 1: NO2011NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.