2. Samuelsbok 6
6
Paktkista kjem til Sion
1 #
1 Krøn 13,1–14
Endå ein gong samla David dei beste mennene i Israel, tretti tusen mann. 2#1 Sam 4,4#6,2 Baala gammalt namn på Kirjat-Jearim. Jf. Jos 15,9. >1 Sam 6,21.Han braut opp med heile sin hær og drog til Baala i Juda. Derifrå ville dei henta Guds paktkiste, som ber namnet til Herren over hærskarane, han som tronar over kjerubane. 3#1 Sam 7,1Dei sette paktkista på ei ny vogn og førte henne frå Abinadabs hus på høgda. Sønene til Abinadab, Ussa og Ahjo, køyrde den nye vogna. 4Slik førte dei Guds paktkiste bort frå Abinadabs hus på høgda, og Ahjo gjekk føre kista. 5David og heile Israels hus dansa og leika for Herrens andlet, og dei song til tonar frå lyrer og harper, trommer, kastanjettar og symbalar.
6Men då dei kom til treskjevollen til Nakon, rette Ussa ut handa og tok tak i Guds paktkiste fordi oksane var ustyrlege. 7#4 Mos 4,15Då vart Herren brennande harm på Ussa. Gud slo han på staden fordi han gjorde dette, og han døydde der ved Guds paktkiste. 8#6,8 Peres-Ussa ordspel på det hebr. ordet som er omsett med «utfall». Kan omsetjast «Ussa-brotet» eller «Ussa-skardet».David var opprørt over Herrens plutselege utfall mot Ussa. Han kalla staden Peres-Ussa, og det har han heitt til denne dag. 9Den dagen vart David gripen av frykt for Herren. Han sa: «Korleis skulle Herrens paktkiste kunna koma heim til meg?» 10Han ville ikkje flytta paktkista opp til seg i Davidsbyen, men sette henne i huset til Obed-Edom frå Gat. 11Der vart Herrens paktkiste ståande i tre månader, og Herren velsigna Obed-Edom og heile hans hus.
12 #
1 Krøn 15,25–16,3
Då kong David fekk høyra at Herren for paktkista skuld hadde velsigna huslyden til Obed-Edom og alt det han eigde, gjekk han med stor glede og førte Guds paktkiste frå huset til Obed-Edom opp til Davidsbyen. 13Då dei som bar Herrens paktkiste, hadde gått seks steg fram, ofra han ein okse og ein gjøkalv. 14#1 Sam 2,18#6,14 prestedrakt hebr. efod. =prest.David dansa av all kraft for Herrens andlet. Han var kledd i ei prestedrakt av lin. 15Slik førte David og heile Israelsfolket Herrens paktkiste opp med jubelrop og støytar i bukkehorn.
16Men då kista vart boren inn i Davidsbyen, såg Mikal, dotter til Saul, ut gjennom vindauget. Ho fekk auge på kong David som hoppa og dansa for Herrens andlet, og ho vanvørde han i hjartet.
17Dei førte Herrens paktkiste inn og sette henne der ho skulle stå i det teltet som David hadde reist for henne. Og David bar fram brennoffer og fredsoffer for Herren. 18#1 Kong 8,55Då David var ferdig med å bera fram brennofferet og fredsofferet, velsigna han folket i namnet til Herren over hærskarane. 19Så delte han ut eit lite, rundt brød, ei daddelkake og ei rosinkake til kvar mann og kvinne i folket, den store mengda av israelittar. Så gjekk alle kvar til sitt.
20Då David kom heim att for å velsigna sitt hus, gjekk Mikal, dotter til Saul, ut mot han og sa: «Kor høgt Israels konge er vorten æra i dag då han viste seg naken for auga på tenestejentene til mennene sine, slik lettsindige menneske har for vis!» 21#1 Sam 13,14David svara Mikal: «Det var for Herrens andlet eg dansa, for han som valde meg ut i staden for far din og heile hans hus og sette meg til fyrste over Herrens folk, over Israel. 22Eg kan gjera meg endå ringare enn eg no har gjort, og bli endå mindre i mine eigne auge. Men hos desse tenestejentene som du talar om, skal eg vinna ære!»
23Mikal, dotter til Saul, var barnlaus til sin døyande dag.
Currently Selected:
2. Samuelsbok 6: NO2011NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.