2. Kongebok 13
13
Israels-kongane Joahas og Joasj
1 # 10,35 I det tjuetredje året Joasj, son til Ahasja, var konge i Juda, vart Joahas, son til Jehu, konge i Israel. Han styrte i Samaria i sytten år. 2Joahas gjorde det som vondt var i Herrens auge, og heldt fram med dei syndene som Jeroboam, son til Nebat, hadde fått israelittane til å gjera. Han heldt ikkje opp med dei. 3#10,32 Då vart Herren brennande harm på Israel. Gong på gong gav han dei over i hendene på aramearkongen Hasael og son hans, Ben-Hadad. 4#14,25ff Men Joahas bad om velvilje for Herrens andlet, og Herren høyrde bøna hans; for han såg korleis aramearkongen undertrykte israelittane. 5#13,5 ein bergingsmann kong Jeroboam 2. Jf. 14,27.Herren gav dei ein bergingsmann, så dei slapp fri frå aramearveldet. No kunne israelittane bu i fred som før.
6 # 1 Kong 16,33 Likevel gav dei ikkje opp dei syndene som Jeroboams hus hadde fått israelittane til å gjera. Dei heldt dei fram med. Til og med Asjera-pålen vart ståande i Samaria. 7Joahas hadde ikkje meir att enn femti ryttarar, ti vogner og ti tusen fotfolk. Resten hadde aramearkongen øydelagt og trakka ned som støv. 8Det som elles er å seia om Joahas, om alt han gjorde, og om storverka hans, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane. 9Joahas gjekk til kvile hos fedrane sine. Han vart gravlagd i Samaria, og Joasj, son hans, vart konge etter han.
10I det trettisjuande året Joasj var konge i Juda, vart Joasj, son til Joahas, konge i Israel. Han styrte i Samaria i seksten år. 11Joasj gjorde det som vondt var i Herrens auge. Han gav ikkje opp alle dei syndene som Jeroboam, son til Nebat, hadde fått israelittane til å gjera. Dei heldt han fram med. 12#14,8ff; 2 Krøn 25,17ff Det som elles er å seia om Joasj, om alt han gjorde, og om storverka hans i krigen med Amasja, kongen i Juda, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane. 13#14,16 Då Joasj gjekk til kvile hos fedrane sine, sette Jeroboam seg på trona hans. Joasj vart gravlagd i Samaria mellom Israels-kongane.
Profeten Elisja døyr
14 # 2,12 Då Elisja vart ramma av den sjukdomen han skulle døy av, kom Joasj, Israels konge, til han. Gråtande bøygde han seg ned over han og sa: «Min far, min far! Israels vogner og hestar!» 15Elisja sa til han: «Hent ein boge og nokre piler!» Og han henta ein boge og nokre piler. 16Elisja sa til kongen: «Legg handa di på bogen!» Han så gjorde, og Elisja la hendene sine over hendene til kongen. 17Så sa han: «Lukk vindauget opp mot aust!» Han opna det, og Elisja sa: «Skyt!» Og kongen skaut. Då sa profeten: «Ei sigerspil frå Herren, ei sigerspil mot Aram! Du skal slå aramearane i Afek og gjera ende på dei.» 18Så sa han: «Ta pilene!» Kongen tok dei, og profeten sa til han: «Slå på jorda!» Han slo tre gonger, men så heldt han opp. 19Då vart gudsmannen sint på han og sa: «Du skulle ha slege fem eller seks gonger! Då hadde du slege aramearane og gjort ende på dei. No kjem du berre til å slå dei tre gonger.» 20Så døydde Elisja og vart gravlagd.
På den tid kom det kvart år flokkar av moabittar for å plyndra i landet. 21Ein gong fekk nokre som skulle gravleggja ein mann, sjå at det kom ein slik røvarflokk. Då kasta dei mannen ned i grava til Elisja. Med det same mannen kom nær beina til Elisja, vart han levande att og reiste seg opp.
Israel vinn over aramearane
22Aramearkongen Hasael gjorde israelittane vondt så lenge Joahas levde. 23#1 Mos 17,7ff; 2 Mos 2,24; 3 Mos 26,42 Men Herren var nådig og mild mot dei. Han vende seg til dei på grunn av pakta si med Abraham, Isak og Jakob. Han ville ikkje øyda dei ut og har til no ikkje støytt dei bort frå andletet sitt.
24Då aramearkongen Hasael døydde, vart Ben-Hadad, son hans, konge etter han. 25Joasj, son til Joahas, vann då att frå Ben-Hadad, son til Hasael, dei byane som Hasael hadde teke frå Joahas, far hans, i krigen. Tre gonger slo Joasj han og tok att dei byane som hadde høyrt Israel til.
Currently Selected:
2. Kongebok 13: N11NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).