2. Krønikebok 28
28
Ahas i krig med Aram og Israel
1 #
2 Kong 16,1–4
Ahas var tjue år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i seksten år. Han gjorde ikkje det som rett var i Herrens auge, så som David, stamfar hans, hadde gjort. 2Han følgde vegane til Israels-kongane og laga jamvel støypte bilete for Baal-gudane. 3#5 Mos 18,9f#28,3 lét … gå gjennom elden viser til ein religiøs skikk med barneofring. >5 Mos 18,10.Han tende offereld i Hinnom-dalen og lét sønene sine gå gjennom elden, ein avskyeleg skikk hos dei folkeslaga som Herren hadde drive bort for israelittane. 4#1 Kong 14,23; 2 Kong 17,10Han ofra og tende offereld på haugane og høgdene og under kvart frodig tre.
5 #
2 Kong 16,5; Jes 7,1ff Så gav Herren hans Gud han i hendene på aramearkongen. Aramearane slo han og tok ei mengd fangar, som dei førte til Damaskus. Ahas vart òg gjeven i hendene på Israels-kongen, som gav han eit stort nederlag. 6#28,6 Pekah kongen i Nordriket. Jf. 2 Kong 15,27.Pekah, son til Remalja, drap på ein dag hundre og tjue tusen mann i Juda, alle saman djerve krigarar. Det hende fordi dei hadde forlate Herren, sine fedrars Gud. 7Sikri, ein krigar frå Efraim, drap Maaseja, kongssonen, og Asrikam, borgherren, og Elkana, som var nest etter kongen. 8Israelittane tok to hundre tusen av brørne sine som fangar, med koner, søner og døtrer. Dei tok òg eit stort bytte frå dei og førte det til Samaria.
9Der var det ein av Herrens profetar som heitte Oded. Han gjekk ut mot hæren som kom til Samaria, og sa til dei: «Høyr, Herren, dykkar fedrars Gud, var harm på judearane og gav dei over i hendene dykkar. Men de har drepe dei med slikt raseri at det har nådd heilt til himmelen. 10Og no tenkjer de på å gjera menn og kvinner frå Juda og Jerusalem til slavane dykkar. Har de ikkje sjølve skuld nok på dykk mot Herren dykkar Gud? 11Høyr no på meg! Send tilbake dei fangane som de har teke mellom brørne dykkar! For Herrens brennande vreide er over dykk.»
12Då steig nokre av dei fremste mennene i Efraim fram mot dei som var komne att frå krigen. Det var Asarja, son til Johanan, Berekja, son til Mesjillemot, Hiskia, son til Sjallum, og Amasa, son til Hadlai. 13Dei sa: «Før ikkje fangane hit! Har de tenkt å la endå større synd og skuld koma over oss, vi som alt er skuldige for Herren? Stor er skulda vår, og Herrens brennande vreide er over Israel.»
14Då sleppte soldatane fangane fri og gav frå seg byttet, rett for auga på stormennene og heile forsamlinga. 15#Ordt 25,21f; Rom 12,20Dei mennene som er nemnde med namn, stod fram og tok seg av fangane. Dei kledde alle som var nakne, med klede frå byttet. Dei gav dei både klede og skor, mat og drikke og salva dei. Alle som hadde vondt for å gå, sette dei opp på esel og førte dei til landsmennene deira i Jeriko, Palme-byen. Så fór dei heim att til Samaria.
Ahas er trulaus mot Herren
16 #
2 Kong 16,7–20
På same tid sende kong Ahas bod til kongen av Assur og bad om hjelp. 17For edomittane òg kom og slo judearane og førte bort fangar. 18Og filistrane plyndra Juda-byane, både i låglandet og i Negev. Dei tok Bet-Sjemesj, Ajjalon og Gederot, Soko med landsbyane som høyrde til, Timna med landsbyar og Gimso med landsbyar. Og dei busette seg der. 19For Herren ville audmjuka Juda på grunn av Ahas, kongen over Israel. Han hadde ikkje halde Juda i taumar, han hadde vore trulaus mot Herren. 20#28,20 Tiglat-Pileser >2 Kong 15,19.Men Tiglat-Pileser, kongen av Assur, drog ut mot han og kringsette han i staden for å hjelpa. 21Ahas plyndra både Herrens hus og kongeborga, han tok frå stormennene og gav til kongen av Assur, men det hjelpte han ikkje.
22Jamvel under kringsetjinga heldt han fram med å vera trulaus mot Herren. Såleis var kong Ahas. 23Han ofra til gudane i Damaskus, som hadde vunne over han, og sa: «Sidan gudane til aramearkongane har hjelpt dei, vil eg ofra til dei så dei kan hjelpa meg.» Men dei vart til fall for han og for heile Israel. 24Ahas samla òg alt utstyret som var i Guds hus, og slo det sund. Så stengde han dørene til Herrens hus og laga seg altar i kvart hjørne av Jerusalem. 25I kvar einaste by i Juda laga han offerhaugar og tende offereld for andre gudar. Slik gjorde han Herren, sine fedrars Gud, rasande.
26Det som elles er å seia om Ahas og det han gjorde, frå først til sist, står skrive i boka om Juda- og Israels-kongane. 27#21,20; 24,25Ahas gjekk til kvile hos fedrane sine. Dei gravla han i Jerusalem, inne i byen; men dei la han ikkje i Israels kongegraver. Hiskia, son hans, vart konge etter han.
Currently Selected:
2. Krønikebok 28: NO2011NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.